Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Har fått 50 år gammal modell av sentralsjukehuset

Arkitektkontoret ATELIER 4 AS,  som i si tid teikna Førde sentralsjukehus og sjukepleiehøgskulen, har gitt Helse Førde ein modell av sjukehuset i gåve. Modellen har i 50 år stått på kontoret til arkitektfirmaet på Lillehammer.

Publisert 16.01.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
Bilde av to personar med ein modell av eit sjukehus.

Foto: Helse Førde

Administrerande direktør Arve Varden og sivilarkitekt David Furuli studerer modellen av sentralsjukehuset og området rundt.

Arkitektkontoret er no under nedtrapping, og det var i denne samanheng eigaren, 
sivilarkitekt MNAL David Furuli, tok kontakt med Helse Førde. 

- Eg kan ikkje tenkje meg ein betre heim for modellen, seier Furuli.

Administrerande direktør Arve Varden seier det kom som ei stor overrasking då han fekk ei tekstmelding frå Furuli for kort tid sidan.

- Ja, det kom som lyn frå klar himmel. Eg ante ikkje at det eksisterte ein slik fysisk modell, seier Varden.

Likt Lillehammer

Dei som kjenner historia til Førde sentralsjukehus, vil vite at sjukehuset er svært likt sjukehuset på Lillehammer, bygd nokre få år tidlegare. Hovudarkitekt på Lillehammer var Arne Pettersen. Arkitektkontoret ATELIER 4 AS blei danna på denne tida, der mellom andre far til David Furuli, Oskar Furuli, dreiv kontoret saman med Pettersen.

Sivilarkitekt David Furuli køyrde sjølv modellen frå Lillehammer og over fjellet til Førde. Administrerande direktør Arve Varden lovar å gje den ein god plass.

- Kontrakten om å prosjektere sjukehuset og høgskulen kom i stand ved at det blei etablert kontakt mellom arkitektkontoret og Sogn og Fjordane fylkeskommune på tidleg 70-tal.  Det oppstod god kjemi mellom byggjekomitéen og arkitektkontoret, og dei fekk oppdraget. Det var ei anna tid då rundt prosesser kring tildeling av slik type oppdrag.

Modellen vart laga i 1974, eitt år før første spadestikket vart sett på Vie. Modellen er 1,1 meter lang. 70 centimeter brei og 15 centimeter høg. David Furuli tok sjølv med seg modellen i bilen, og frakta han over fjellet.

Løysingar som har halde seg

Furuli er imponert over vedlikehaldet på Førde sentralsjukehus. Han konstaterer at ei rekkje løysingar og materialval som blei valt den gongen, framleis held og gjer god nytte for seg.

- Sjukehuset i Førde var på mange måtar ei vidareforedling av Lillehammer. Dei hadde gjort seg erfaringar med Lillehammer, og forbetra mange løysingar til Førde. Så dette er nok eit betre bygg.

ATELIER 4 AS fekk også andre oppdrag i Førde, og hadde ei tid kontor her. Angabygget ble prosjektert på 80-talet. Naustdal sparebank ble også teikna av kontoret.

- Då hadde tidene skifta. Den noko strenge arkitekturen som var rådande på 1970-talet, var avløyst av friare form- og fargebruk.

Arve Varden seier han er svært glad over å ha fått modellen:

- Dette er veldig artig. Vi skal syte for at den får ein god plass.