Heidra av legeforeningen

Førre fredag tildelte Sogn og Fjordane legeforening heidersmerket sitt til overlege Mona Skrivenesvåg Løvø ved medisinsk avdeling i Helse Førde.

Publisert 30.09.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
En mann med briller
PRISVINNAR: Mona Skrivenesvåg Løvø

Selepinnen er Sogn og Fjordane legeforening sitt hedersteikn.

Selepinnen er ein miniatyr i sølv, utforma som ein selepinne for seletøy til hest. Sogn og Fjordane er fjordhesten sitt område. Fjordhesten er kjend for å vere ein uthaldande slitar, skal trivast best i motbakke, og har særleg godt lynne. Kriteria for tildeling er delvis utforma etter slike trekk.
 
Her kan du lese Legeforeiningen sine statuttar for prisen

Og her kan du lese Sogn og Fjordane legeforening si grunngjeving for tildelinga: 

Selepinnen 2024 tildeldast ein lege som starta karrieren sin som sjukepleiar ved medisinsk sengepost ved Førde sentralsjukehus i 1987. Men ho ville heller studere medisin, så ho reiste til Bergen.

 Ho kom tilbake til Førde sentralsjukehus som turnuslege i 1996 og starta som assistentlege ved medisinsk avdeling i juli 1997. Ho tok gruppe-1-teneste på Haukeland universitetssjukehus frå 2002 til 2005. Etter dette har ho vore spesialist i indremedisin og nyresjukdommar ved Førde sentralsjukehus.
 
Saman med kollega Astrid Dale har ho utvikla det nyremedisinske fagfeltet med stort engasjement og høg fagleg standard. Dialyseposten ved Førde sentralsjukehus er svært veldriven. Ho har hatt fagleg ansvar for utvikling av satellittdialyse ved Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus, slik at heile Sogn og Fjordane har hatt tilbod til pasientar som er avhengige av dialysebehandling.

 Ho var tidleg ute med å sikre tilbod om peritonealdialyse, slik at pasientar i langt større grad kan behandlast heime.

Sidan medisinsk avdeling har utfordringar med rekruttering i endokrinologi, har ho også teke mykje ansvar for oppfølging av diabetespasientar.

 Ho likar å gå generelle vakter og har halde ved like den indremedisinske breiddekompetansen.

Ho har delteke i viktig samhandlingsarbeid og ho er involvert i prosjektet «Vestlandslegen» som skal gi oss lokalt utdanna medisinstudentar om nokre år.

Ho er kjenneteikna av engasjement, tydelegheit, godt humør, nysgjerrigheit og stor fagleg integritet.

Selepinnen 2024 tildelast Mona Skivenesvåg Løvø!