Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Førde byter leverandør av ladetenester ved sjukehusa

EnergiPlan, som i dag leverer ladetenestenester ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid, blir erstatta med Eviny. Arbeidet med å sette opp nye ladepunkt startar etter 26. april, og i ein kort periode blir tilgang på lading redusert.

Publisert 19.04.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
Et parkometer ved siden av et parkometer
Det er desse ladpunkta Eviny skal sette opp ved sjukehusa.

Dagens leverandør, Energiplan/EvSoft sine ladarar, vil bli tekne ut av drift ved alle sjukehusa våre innan 26. april. Dei blir fortløpande erstatta med Eviny sine ladarar.

-    Eviny har lagt opp til å bruke tre veker på å sette opp dei nye ladepunkta, seier direktør for drift og eigedom, Helge Robert Midtbø.

 
Sjukehusa i Helse Førde er dei første Eviny etablerer eit så breitt tilbod.

 
-    Velfungerande og tilgjengelege ladetenester ved sjukehusa er spesielt viktig for alle våre tilreisande, så dette ser vi fram til, seier Midtbø.


Eviny startar arbeidet i Førde, og held fram på Nordfjordeid. I Lærdal treng Helse Førde ein runde med avklaringar før arbeidet blir sett i gang.  

I sum utgjer tal ladepunkt eit svært godt tilbod til publikum

For Helse Førde, og sentralsjukehuset spesielt, blir dette eit stor løft i tilbodet. I Førde blir alle elleve ladepunkta på pasientparkeringa vidareført, og i tillegg kjem kraftige lynladarar på den store parkeringsplassen i nord.

•    Førde sentralsjukehus, 8 lynladarar og 11 sakteladarar 
•    Nordfjord sjukehus, 6 lynladarar og 6 sakteladarar 
•    Lærdal sjukehus, 6 lynladarar og 6 sakteladarar

Diagram
Førde sentralsjukehus - oversiktskart som viser plassering av ladepunkt.

Offentleg tilskot til nokre av ladarane

Vestland fylkeskommune har løyvd pengar til å sette opp lynladarar ved sjukehusa. I dette tilskotet får Lærdal to ladarar, tre ladarar på Nordfjordeid og fire ladarar i Førde.