Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Førde går i grøn beredskap

Saka er oppdatert. Ekstremvêret Ingunn gjer at det vart sett grøn beredskap i Helse Førde onsdag føremiddag. Dette inneber at føretaket har ein uavklara situasjon som kan kome til å krevje ekstraordinære tiltak og ressursar.

Publisert 31.01.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
En gruppe gule biler

Oppdatert den 1. februar: Helse Førde gikk ut av beredskap i dag klokka 09.00

Ut frå ei samla vurdering set vi Helse Førde i grøn beredskap, melde beredskapsleiinga litt før klokka 12 onsdag 31. januar.

Beredskapsleiinga i Helse Førde har bede avdelingane bu seg på at det kan oppstå vanskar med transport til og frå sjukehus for så vel pasientar som tilsette.

Avdelingane er oppmoda om å finne gode løysingar lokalt i høve eventuell omrokkering av vakter grunna bortfall av vegsamband m.m. AMK og ambulansetenesta er tett på pasienttransport, og har gjort tiltak for å avgrense tal transportoppdrag. Ambulansetenesta har styrka fleire av stasjonane med reservebilar og ekstra mannskap på jobb.


Uvêret er venta å særleg treffe nordlege delar av kysten av Fjordane. Meteorologisk Institutt melder at ekstremvêret vil merkast i heile Sør-Noreg.

Vinden er venta å verte sterkast frå Nordfjord og nordover.