Helse Førde går i grøn beredskap

Ekstremvêret Jakob gjer at det vart sett grøn beredskap i Helse Førde onsdag kveld. Dette inneber at føretaket har ein uavklara situasjon som kan kome til å krevje ekstraordinære tiltak og ressursar.

Publisert 31.10.2024
Sist oppdatert 06.11.2024
En rad med gule ambulansebiler

 
OPPDATERT: Grøn beredskap oppheva. Normal drift i Helse Førde.

 

Ut i frå ei samla vurdering set vi Helse Førde i grøn beredskap i høve ekstremvêret Jakob, melde beredskapsleiinga onsdag kveld. 

Beredskapsleiinga i Helse Førde har varsla avdelingane om å bu seg på at det kan oppstå vanskar med transport til og frå sjukehuset, både for pasientar og tilsette. 

AMK og ambulansetenesta er tett på pasienttransport, og har gjort tiltak for å sikre øyeblikkelig hjelp-oppdrag. Ambulansetenesta og AMK har styrka bereskapen torsdag, og vil ha fleire bilar i vakt. Beredskapen er torsdag kveld styrka med ambulansebåt i Sognefjorden. Ambulansebåten "Rosesol" blir liggjande til kai i Balestrand til situasjonen har normalisert seg. Det er også utplassert ein ambulansebil i Balestrand. 

Uvêret som pågår på Vestlandet er varsla å treffe midtre og indre strøk med ekstremt mykje nedbør, og stor jord- og flaumskredfare gjennom det neste døgnet.