Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Førde inngår partnerskap med NAV Sunnfjord

Som ein av dei første arbeidsgjevarane i Sunnfjord har Helse Førde signert ein strategisk partnarskapsavtale med NAV Sunnfjord.

Publisert 13.06.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
En gruppe mennesker som sitter rundt et bord
Underteikning av avtalen: Frå venstre hovudverneombod i Helse Førde, Berit Hornnes, adm. dir. Arve Varden, Magne Kjetil Berg (NAV) og Yngve Årdal. Bak: HR direktør i Helse Førde, Arne Skjelten.

 Avtalen skal bidra til å sikre høg sysselsetting og høg yrkesdeltaking, og bidra til at utsette grupper får varig tilknyting til arbeidslivet. Partnarskapet skal òg bidra til at bedrifta får dekka sitt behov for arbeidskraft. Ein strategisk partnarskapsavtale mellom arbeidsgjevar og NAV betyr at arbeidsgjevaren får ein fast kontakt i NAV for arbeidsgjevarretta tenester, og får tilgang til alle arbeidsgjevarretta tenester i NAV - alt etter kva behov Helse Førde måtte ha.

- Å få på plass ein strategisk samarbeidsavtale med ein av dei største arbeidsgjevarane i regionen er viktig og spennande for NAV. Eg trur begge partar vil sjå nytten av å ha eit tettare samsamarbeid for å sikre felles mål, seier leiar for NAV Sunnfjord, Magne Kjetil Berg.

Avtalen tek særleg føre seg:

·  Nærværsprosjekt. Førebygging av sjukefråvær 
·  Rekruttering. Inkludering og kvalifisering av arbeidssøkarar til varig arbeid 
·  Utvikling av arbeidsmiljø 

- Vi i Helse Førde er glade for å ha fått på plass ein avtale med NAV som formaliserer og strukturerer samarbeidet oss imellom. Vi har allereie eit godt samarbeid med NAV, og mottek fleire ulike tenester. No er vi glade for å kunne ta eitt skritt til vidare, saman, seier administrerande direktør Arve Varden.