Helse Førde styrkar ambulanseberedskapen

Helse Førde er i normal drift, men følgjer situasjonen tett opp mot uværet «Ingunn». Ambulanseberedskapen er styrka langs kysten lengst nord i fylket.

Publisert 30.01.2024
Sist oppdatert 07.03.2024
En gul brannbil
Ekstremvêret "Ingunn" er venta å verte verst frå Nordfjord og nordover. Helse Førde styrkar ambulanseberedskapen i Kinn, Bremanger og Stad.

Uvêret er venta å særleg treffe nordlege delar av kysten av Fjordane. Meteorologisk Institutt melder at ekstremvêret vil merkast i heile Sør-Noreg. Vinden er venta å verte sterkast frå Nordfjord og nordover.  

Helse Førde deltok tysdag på eit beredskapsmøte i regi av Statsforvaltaren i Vestland saman med kommunar og andre beredskapsaktørar. Målet med møtet var å sikre felles forståing av situasjonen, informere og drøfte tiltak for det kommande døgnet. 

Styrkar ambulanseberedskapen

Ambulansetenesta har styrka beredskapen i kommunane Kinn, Bremanger og Stad. Dei tre kommunane ligg alle i området med raudt farevarsel. Tenesta har retningslinjer for ekstremvêr og tar desse i bruk i slike situasjonar.  

Nokre planlagde oppdrag i morgon onsdag vert utsette for å sikre høg beredskap. Det er òg dialog opp mot enkeltkommunar og legevakt. I tillegg er det kontakt med naboføretaka Helse Bergen og Helse Møre og Romsdal om beredskapsløysingar dersom infrastruktur skulle falle vekk.  

Sjukehusa førebur seg

Sjukehusa førebur seg på eventuelle utfordringar, som bortfall av straum og elektroniske kommunikasjonsløysingar. I etterkant av Dagmar i 2011 var mellom anna bruk av satellitt-telefoni eitt av læringspunkta. 

I tillegg til førebuingane som er gjort tysdag ettermiddag og kveld, vil det verte vurdert lokale beredskapsløysingar utover onsdag føremiddag.