Helse Førde riggar seg for nye redningshelikopter

Forsvaret sin 330-skvadron tek over redningstenesta knytt til redningsbasen i Florø frå 1. oktober i år. Helse Førde førebur seg til dette, og har mellom anna forsterka hangarporten ved helikopterbasen slik at den skal tole lufttrykket frå det nye SAR Queen helikopteret av typen AW101.

Publisert 11.07.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
Et helikopter i luften
FOTO: FORSVARET

Dette arbeidet vart ferdigstilt i onsdag kveld denne veka. Det nye redningshelikopteret krev også oppmøte frå Sunnfjord brann- og redning ved alle landingar og take offs, då helikoptertypen er vesentleg større enn luftambulansen sine fartøy.

- No ventar vi på at 330 skvadronen skal starte med prøveflyging og risikovurdering, slik at vi kan få sendt søknad om dispensasjon for trafikk med store helikopter til Luftfartstilsynet, seier flyplassjef Terje Olav Øen.

Redningshelikopteret skal også kunne operere i tilknytning til dei to andre sjukehusa i Helse Førde. Lærdal kommune har peika ut eit område på Lærdalsøyri som skal nyttast, og Helse Førde ventar no på tilbakemelding frå Stad kommune på kvar redningshelikopteret skal lande på Nordfjordeid. Årleg er det forventa to til tre landingar ved lokalsjukehusa, medan ein i Førde har estimert fem til seks landingar per månad.

 - Rundt helikoperlandingsplassen i Førde må vi rigge oss med stoppsignal på omkringliggande vegar, og vi må også vurdere bruken av parkeringsplassar under og omkring helidekket, seier Øen.

 

FAKTA

  • SAR Queen er Noregs nye søk- og redningshelikopter
  • Tre motorar, kvar på 2041 hestekrefter
  • Marsjfart 278 km/t
  • Rekkevidde 266 nautiske mil (ca. 500 km)
  • Besetning seks personar
  • Totalt 16 helikopter i Norge
En bil parkert utenfor en bygning
Hangarporten på luftambulansebasen ved Førde sentralsjukehus er forsterka for å tåle lufttrykket frå dei nye SAR Queen redningshelikoptera som kjem i haust.