Klart for forskingsdagar

Programmet for årets forskingsdagar i Førde er no klart. Dagane startar med lanseringa av podkasten «Forskarsnakk – store spørsmål frå ein lite plass» på Elvesus i Førde sentrum torsdag 19. september.

Publisert 18.09.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
En gruppe fargerike vanndråper

Podkasten er tiltak frå Helseforsking Sogn og Fjordane der forskarar får fortelje om kva dei arbeider med. Helseforsking Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet, og her jobbar mellom andre mange yngre doktorgradsstipendiatar.

Mellom andre tilbod under dagane i Førde er føredrag om korleis robotar kan hjelpe slagpasientar, og korleis måling av framgang kan styrke motivasjonen til pasientar. Førstnemnde skjer i Førdehuset 26. september. Arrangementet om å måle framgang er på læringslabben ved høgskulen dagen etter.