Konklusjonane etter varslingssakene er klare

Framlegget til mellombels omorganisering av avdeling for akuttmedisin (AAM) og kirurgisk klinikk er ikkje i strid med arbeidsmiljølova eller gjeldande tariffavtalar, og Helse Førde har ikkje brote aktivitetsplikta dei har etter arbeidsmiljølova. Dei påvarsla har heller ikkje opptredd i strid med lojalitetsplikta då dei gjekk imot framlegget til omorganisering av AAM.

Publisert 22.03.2024
En bygning med en stor glassfront

Dette er nokre av konklusjonane i to rapportar frå advokatfirmaet BAHR til styret i Helse Førde. Advokatfirmaet har bistått helseføretaket med å vurdere dei sju varsla i samband med konfliktane i kirurgisk klinikk og avdeling for akuttmedisin. 

Styreleiar i Helse Førde, Ole Gunnar Krakhellen, har vidareformidla konklusjonane og tilrådingane til føretakstillitsvalde, hovudverneombod, føretaksleiinga og leiarane i kirurgisk klinikk. Styret er orientert og har gjeve administrerande direktør støtte for å gå vidare med omorganiseringsarbeidet. I rapportane understrekar advokatfirmaet at læringspunkta må følgast opp i linja i  klinikken.

Konklusjonar 

1. Det har vore viktig å vurdere kor vidt forslaget til mellombels omorganisering av kirurgisk klinikk og AAM strir mot arbeidsmiljølova eller forpliktingar i tariffavtalen.

Konklusjon: Saksbehandlinga av framlegget til omorganisering er ikkje i strid med arbeidsmiljølova eller tariff-forpliktingar.

2. Spørsmålet om Helse Førde har brote aktivitetsplikta.

Konklusjon: Helse Førde har ikke brote aktivitetsplikta i arbeidsmiljølova § 2 A-3.

3. Opptredde dei som vart varsla på i strid med lojalitetsplikta då dei under saksførebuinga gjekk mot framlegget til omorganisering av AAM?

Konklusjon: Dei som vart varsla på har ikkje opptredd i strid med lojalitetsplikta då dei under saksførebuinga gjekk mot framlegget til omorganisering av AAM.

4. I tillegg har det vore to varsel som er personlege.

Konklusjon: Dette er læringspunkt som er vidareformidla til Helse Førde for oppfølging.

5. Arbeidsmiljøet for leiarane i kirurgisk klinikk.

Konklusjon: BAHR tilrår at arbeidsmiljøet som leiarane opplever som uforsvarleg, blir tatt opp og behandla i den leiargruppa det gjeld.

Advokatfirmaet BAHR påpeikar klart at det har vore ei fastlåst konflikt som har vart over tid.

Tilrådingar

A. Helse Førde jobbar med tiltak for å dempe konflikttrykket, og at dette skjer samtidig med arbeidet for ei meir varig løysing på organiseringa av AAM.

B. Påvarsla bør ivaretakast særskilt i den vidare prosessen

C. Konflikten bør framleis handterast utan å fordele skuld.

D. Det bør gjerast forventingsavklaringar knytt til omgrep som habilitet, kontradiksjon mv.