Lagnaden til Tronvik og tilbodet i Florø blir avgjort 25. januar

Administrerande direktør opprettheld tilrådingane til styret i Helse Førde om å legge ned drifta ved seksjon rus døgn på Tronvik frå 1. mai 2024. Samtidig tilrår han at nokre tenestetilbod i Florø blir lagt ned eller flytta frå 1. april 2024.

Publisert 19.01.2024
Sist oppdatert 07.03.2024
En person som går på en sti foran en bygning med rødt tak

Dette er framlegg til vedtak i sak 008/2024 (Tronvik):

  1. Styret vedtek å legge ned drifta ved seksjon rus døgn Tronvik frå 01.05.24. Administrerande direktør får fullmakt til å tilpasse tidspunkt for avvikling av drifta i høve pasientbehov og omstillingsarbeidet. Styret har i vurderinga lagt vekt på kapasitet innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Helse Førde og Helse Vest og den samla rekrutteringssituasjonen for legar ved psykiatrisk klinikk.
  2. Styret ber administrerande direktør gjennomføre kompenserande tiltak i samsvar med saksutgreiinga for å sikre tilstrekkeleg kapasitet innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
  3. Helse Førde skal gjennomføre omstilling med mål om at fast tilsette ikkje skal miste jobben som følgje av tiltaket. Dette skal skje gjennom naturleg avgang og omplassering av fast tilsette. I omstillingsarbeidet må fokus vere på arbeidsmiljø, samt helse, miljø og tryggleik for tilsette og pasientar.
  4. Styret ber administrerande direktør etablere dialog med Høyanger kommune og eventuelt andre interessentar om eigedommen Tronvik.

Om tilbodet på Tronvik

Per oktober 2023 er det 30 heile stillingar fordelt på 52 medarbeidarar ved Tronvik. I og med målet om at ingen fast tilsette skal misse jobben, står Helse Førde framfor ein omfattande omstillingsprosess dersom endringane vert vedtekne. Helse Førde meiner føretaket framleis kan gje eit forsvarleg tenestetilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), sjølv om ein reduserer kapasiteten på døgnbehandling i eige føretak. Tronvik har i dag 15 døgnplassar, korte ventetider og eit belegg på 65 prosent.

Framlegg til vedtak i sak 007/2024 (Tilbodet i Florø):

  1. Styret ber administrerande direktør justere tenestetilbod og leigd areal i Florø frå 01.04.24 i tråd med saksutgreiiinga. Administrerande direktør får fullmakt til å tilpasse tidspunkt for justering av drifta i høve pasientbehov og omstillingsarbeidet.
  2. Helse Førde skal gjennomføre omstilling med mål om at fast tilsette ikkje skal miste jobben som følgje av tiltaket. I omstillingsarbeidet må fokus vere på arbeidsmiljø, samt helse, miljø og tryggleik for tilsette og pasientar.
  3. Det skal arbeidast vidare med gode samhandlingsarenaer mellom helseføretaket og det kommunale tilbodet.

På møte 25. januar skal styret i Helse Førde ta stilling til begge framlegga.

Om tilbodet i Florø

I Florø har Helse Førde no eit tenestetilbod som består av blant anna hud poliklinikk, medisinsk poliklinikk, medisinske sekretærtenester, smertepoliklinikk, læring og meistring (LMS), fysioterapi og radiologi. Alle desse har vore vurdert i prosessen, medan  blodbank, ambulansestasjon og tilboda innanfor psykisk helsevern har vore freda.
Tilrådingane til styret går på å behalde tilbodet om hud poliklinikk, medan tilbodet om medisinsk poliklinikk, radiologi og fysioterapi blir tilrådd nedlagt i Florø. Vidare blir det tilrådd å flytte smertepoliklinikken til sjukehuset i Førde, og det same gjeld LMS-tilboda. Vel ti tilsette blir i varierande  grad berørte av dei føreslegne endringane.