Nedgang i tal fødslar i 2023
Fødselstala i Helse Førde held fram med å gå ned etter pandemien. I fjor var det 789 fødslar i Helse Førde.
Publisert 02.01.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
![nyfødd](/48cc2e/contentassets/e7bbbbcd0cfd4311832346412993b6d2/hf3-001.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
ARKIVFOTO: Oddleiv Apneseth
Etter at fødselstala steig merkbart både i Helse Førde og elles i landet under pandemien, gjekk tala ned i Helse Førde i 2023. Fødselstala for 2023 er dei lågaste på fleire år.
Dette er fødselstala i Helse Førde dei siste åtte åra:
2023: 789
2022: 802
2021: 936
2020: 826
2019: 871
2018: 863
2017: 934
2016: 891