Negativt driftsresultat i 2023

Helse Førde hadde ein omsetnad på 3,5 milliardar kroner i 2023, og kom ut med 13,9 millionar kroner i underskot. Dette var 33,9 millionar kroner svakare enn resultatkravet på 20 millionar kroner som styret hadde sett.

Publisert 06.03.2024
Sist oppdatert 07.03.2024

Den viktigaste årsaka bak det negative resultatet er auka personalkostnader ut over budsjett, som igjen er knytt til tal tilsette, sjukefråvær, innføring av større IKT-løysingar og utviklingsprosjekt. 

Føretaket hadde ein negativ kontantstraum på 22,6 millionar kroner frå drifta, og store investeringar i bygg og teknisk utstyr gav ein negativ kontantstraum på 648,9 millionar kroner på investeringsområdet. Kontantstraum frå finansieringsaktivitet er positiv med 669,1 millionar. Den samla kontantstraumen er på minus 2,3 millionar kroner.

Ved sist årsskifte hadde Helse Førde ei likviditetsreserve på 312,8 millionar. Denne består av 0,4 millionar kroner i likvide midlar og 312,4 millionar kroner i unytta trekkramme. Den samla trekkramma er på 666,5 millionar. I framlegget til årsmelding for 2023 seier tilrådinga at føresetnaden for framleis drift er til stades, og at det er god dialog med Helse Vest om finansiering. Staten har gjeve 100 prosent driftsgaranti for helseføretaka, og paragraf 5 i Helseføretakslova seier at det ikkje kan opnast konkurs i helseføretaka. Verksemda har såleis eit godt fundament for framtidig aktivitet, også sett i lys av at gjeldande pasientlovgjeving gjev pasientar rett til helsehjelp innan gjevne fristar.

Rekneskap 2023 for Helse Førde skal handsamast av styret i møte onsdag 6. mars.