Nye akuttsekkar i ambulansane

Ambulansetenesta har nyleg teke i bruk nye akuttsekkar i alle ambulansar i Helse Førde. Det er snakk om fire nye sekkar i kvar bil, totalt nærare 200 stk.

Publisert 09.07.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
Et par brannmenn som står ved siden av en gul lastebil
Tilsette har hatt sekkane i bruk nokre veker. Tilbakemeldingane frå Ida Johanne Vallestad Aasen (til venstre), Ann-Christin Gimmestad Berge og andre medarbeidarar i ambulansetenesta er unisont positive.

Gjennom eit interregionalt anbod har ambulansetenesta fått utvikla nye og tilpassa akuttsekkar til ulike formål. Dei skal fungere i ulike miljø og tole ytre påverknad i eit prehospitalt miljø.

Videoen viser korleis sekkane er bygde opp:

For vår del har mange av sekkane vore i bruk over svært lang tid. Utviklinga har vore eit samarbeid med tilsette og leverandør både med omsyn til praktiske løysingar og produktkvalitetar, seier Per Erik Eide Hjelle, opplæringsansvarleg i tenesta og ansvarleg for forbetringsprosjektet.

For Helse Førde har særleg fokus vore utvikling av nye medikamenteiningar som gir betre plass til oppbevaring og langt betre oversikt, noko som er viktig i akuttsituasjonar.

Andre ressurspersonar har vore Thomas Lefdal, Eid ambulansestasjon og Kim Olset, Fjaler ambulansestasjon.