Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Målstreken foran ein folkemengde utanfor Førde sentralsjukehus

Resultata er klare!

Det var solid oppmøte og nydeleg ver for å springe da årets Helse Førde-stafett gjekk av stabelen. Her får du resultat og høgdepunkt frå dagen.

Her er nokre deltakartal:

  • 87 lag stilte til lagstafetten
  • 5-600 barn var med på barneløpa
  • 50 melde seg på mosjonsklassen
  • 140 femteklassingar tok løypa på dagtid
Ei gruppe menneske med medaljar
Vinnarane frå bedriftsklassen

Førde VGS elevlag tok sigeren i bedriftsklassen i år, tett fulgt av Norconsult Førde og Nordea.

Vi kunne ikkje eingong finne Førde VGS lærarlag på listene våre men vonar dei kjem sterkare tilbake neste år!

Topp 10 frå bedriftsklassen

  1. Førde VGS elevlag
  2. Norconsult Førde
  3. Nordea
  4. Politiet
  5. Spenst Førde løpegruppe
  6. Underleg(A)ne
  7. Vassenden skule
  8. PWC
  9. Overleg(A)ne
  10. Norec

Heile lista til bedriftklassen med tider og plasseringar

En person som løper på en gate
Vinnarane frå idrettsklassen

I idrettsklassen kom Førde friidrett 1 inn på første plass, eit heilt minutt før Førde langrenn 1 og Sweet Sixteen.

Topp ti frå idrettsklassen

  1. Førde friidrett 1
  2. Førde langrenn 1
  3. Sweet sixteen
  4. Gaular IL veteran
  5. Førde fotball damelag
  6. Førde langrenn 2
  7. Gaular IL ungdom
  8. Handballjentene 2
  9. Handballjentene 1
  10. Førde IL handball J12

Tider og plasseringar - idrettsklassen

Barneløpet

Her ser vi starten på den korte barneløypa...

...der barna løp så raskt at fotografen ikkje rakk fram til mållinja før dei første var i mål, sjølv om han tok strakaste vegen utanom løypa!

Heldigvis sto arrangørane klare med medaljar og gratulasjonar til alle som kom i mål.

Ei gruppe menneske i kostyme, utkledd som skabb
Mange hadde kledd seg for anledninga, og stilte til løp i kostyme.

Laget frå hudavdelinga - Scabies united - vann prisen for mest kreative lag.

Ei gruppe menneske utkledd som klovnar

Barneavdelinga var sjølvsagt på plass og like muntre som alltid

Ei gruppe menneske utkledd som flamingoar

Vi hadde til og med ein flokk flamingoar som hadde funnet vegen inn i løypene.

To gutar som leiker i vatnet
Ikkje direkte sol men...

...absolutt varmt nok til at det var godt å kjøle føtene litt i dammen etter alt av dansing  og springing!