Sjå Livabygget på fem minutt

Bli med administrerande direktør Arve Varden på ein rundtur i Livabygget, og sjå korleis det nye sentralsjukehuset er blitt. Bygget blir tatt i bruk i slutten av august.

Publisert 11.06.2024
Sist oppdatert 26.06.2024
Ein byggeplass med anleggsmaskiner

Foto: Helse Førde

Filmen vart laga den siste veka i mai og viser nybygget med Varden som guide. Rundturen syner fram eit byggeprosjekt som snart er ferdig, men som likevel endrar seg litt frå dag til dag.

Gjennom videoen får du eit inntrykk av kva som møter oss når bygget står klart til overtaking i slutten av august. Dei mest synlege endringane ser vi på utsida av bygget, der leikeområde, rekreasjonssone, plantar og grøntareal no blir opparbeidd. 

Ein byggeplass med anleggsmaskiner

Foto: Helse Førde

Endringane som er mest synleg frå dag til dag er utandørs. 

Omlag tre og eit halvt år har det teke å bygge dette prosjektet. Då grunnsteinen vart lagt ned 3. august 2021, hadde entreprenør jobba med å pele fundamentet til bygget nokre månader.  Arbeidet som går føre seg no, er mellom anna programmering, test og samkøyring av alle tekniske system og anlegg. Det har blitt sagt undervegs at å bygge eit sjukehus er meir komplisert enn å bygge ein boreplattform. Sant eller ikkje – vi gleder oss til det ferdige bygget.   

Fakta: 

  • Livabygget har 9 etasjar, med eit areal på 13 000 kvadratmeter. 
  • Bygget er fundamentert med stålstolpar ned i fjell, i alt 5789 løpemeter. Den lengste er 33 meter. 
  • Det blir 123 sengerom, 107 rom med pårørandesenger. 
  • 3 fødestover og 10 operasjonsstover. 
  • Ny sterilsentral. 
  • 10 nye avanserte poliklinikkrom.  
  • Ny dagkirurgi i 2. etasje kopla til Svanabygget. 
  • I underetasjen nytt varemottak og forsynings- og sterilt lager.