Skadepoliklinikk under vurdering

Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus er i full drift. Men Helse Førde vurderer endringar i drifta, som eitt av fleire moglege innsparingstiltak for 2024. Avgjerd i saka er ikkje fatta.

Publisert 07.03.2024
En person som sitter i en stol
- Skadepoliklinikken ved Nordfjord sjukehus blir driven som før, men er under vurdering. Pasientane vil bli ivaretatt uansett korleis tilbodet blir organisert, seier stadleg leiar Heidi Vederhus.

Skadepoliklinikken har to hovudfunksjonar; akutthjelp og kontrollar etter operasjon eller skadar. Pasientvolumet ved skadepoliklinikken er lite, særleg på kveldar og i helgene. Dette gjeld pasientar som kjem inn til behandling for lettare skader som beinbrot og liknande. Meir alvorlege skadar blir sende til Førde sentralsjukehus eller Haukeland universitetssjukehus. Slik blir det både no og i framtida, uansett om skadepoliklinikken blir oppretthalden som i dag eller ikkje. 

- Bakgrunnen for at Helse Førde no vil vurdere dette tilbodet, er at skadepoliklinikken er ei kostbar vaktordning som treff relativt få pasientar. Vi skal sjå nærmare på vaktordninga slik den er i dag, og vurdere om desse pasientane kan ivaretakast på ein annan måte, seier Heidi Vederhus, stadleg leiar Nordfjord sjukehus. - Alle pasientar som har rett på behandling i spesialisthelsetenesta, vil få det. Vurderinga vil gå på om dette kan skje på ein annan måte, ved at ressursane vert utnytta betre og meir hensiktsmessig.

Desse vurderingane vil Helse Førde gjere saman med alle berørte partar. Føretaket har avtalt med kommunane, brukarrepresentant, tilsette sine organisasjonar og vernetenesta å gjennomføre tre samlingar i løpet av mars og april månad. På desse samlingane vil alle deltakarar få komme med sine innspel.  

- Eg vil understreke at Helse Førde ikkje har konkludert i saka, seier Vederhus. - Avgjerda blir først tatt etter at tilbodet er grundig gjennomgått, både med omsyn til korleis det er i dag og korleis tilbodet eventuelt kan organiserast i framtida. 

Nordfjord sjukehus og kommunane rundt utgjer ein viktig del av Helse Førde sitt samla tenestetilbod, og ein viktig del av pasientgrunnlaget til helseføretaket. Det er viktig å sjå heilskapleg på tenestetilbodet.