Sommarstenging av sengepost ISP

Sengeposten ved Indre Sogn psykiatrisenter (ISP) stenger i tre veker i sommar, frå fredag 28. juni og opnar igjen måndag 22. juli.

Publisert 26.06.2024
En bygning med sti og gress

Pasientar som treng innlegging vil få det ved Sunnfjord DPS, Nordfjord DPS, eller ved planlagt innlegging etter at sengeposten har opna igjen. Pasientar som treng akuttinnlegging, vil som før få det ved akuttposten i Førde.
 

Tilvisingar skal, i heile stengingsperioden, sendast digitalt på vanleg måte til Indre Sogn psykiatrisenter som koordinerer inntak med dei andre DPS. Henvendingar og spørsmål knytt til sengeposten sine tilbod vil bli besvart som vanleg.
 

Etter at sengeposten opnar igjen, vil vi første veka prioritere å ta imot pasientar frå akuttposten og dei andre DPS, deretter planlagde elektive innleggingar i påfølgjande veke.
 

Poliklinikken og ambulant team har ordinær drift heile sommaren.