Sparte over to millionar kilometer pasientreiser i fjor

Pasientar og pårørande i Helse Førde sparte i fjor over to millionar kilometer med kjøring og mange timars reising ved å nytte digitale løysingar framfor fysisk oppmøte på sjukehuset.

Publisert 04.07.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
En person som holder en kopp kaffe

Dermed er Helse Førde det føretaket i Helse vest som, utifrå pasientgrunnlaget, brukar slike løysingar mest. I det vidstrekte opptaksområdet Sogn og Fjordane kan dermed mange pasientar og pårørande sleppe lange og slitsomme reiser inn til sjukehusa, ventetid og tilsvarande lang heimreise. 

Ein konsultasjon eller kontroll som ville teke heile dagen kan dei gjerne bli ferdig med på mindre enn ein time. Pasientar og pårørande slepp dermed å ta seg fri heile dagar frå jobb eller skule, og slepp belastninga med å reise.

At Sogn og Fjordane er eit vidstrekt område verkar inn på at Helse Førde får relativt høge tal på sparte kilometer ved bruk av digitale helsetenester, samanlikna med effekten i typiske bystrok der mange bur nærare sjukehuset enn hjå oss. Den gjennomsnittlege pasientreisa i vårt område er om lag 90 kilometer.

Merk at definisjonen av avstand til næraste sjukehus er berekna ut frå kjøreavstand frå sentrum av pasienten sin heimkommune og fram til næraste sjukehus.

Her er tala for Helse Førde 2023: 

  • 1 817 351 kilometer kjøring sparte pasientar på å ha ein videokonsultasjon eller ein telefonkonsultasjon, i staden for å kjøre tur-retur til næraste sjukehus for å ha den same konsultasjonen der.
     
  • 249 894 kilometer kjøring sparte pasientane på å bruke andre digitale kontaktar framfor å skulle kjøre tur-retur næraste sjukehus.
     
  • Berre i Helse Førde aleine sparte pasientane i fjor såleis 2 067 245 kilometer kjøring tur-retur sjukehus ved å bruke digitale helsetenester i staden for fysisk oppmøte.

  • På dei to siste åra har bruk av digitale helsetenester i Helse Førde auka stort, og medført at talet sparte kilometer pasientreiser gjekk opp med nesten ein halv million kilometer. 

Slik ser dei samla tala ut for alle fire føretaka i Helse vest:

  • 9 377 418 kilometer kjøring sparte pasientar på å ha ein videokonsultasjon eller ein telefonkonsultasjon, i staden for å kjøre tur-retur til næraste sjukehus for å ha den same konsultasjonen der.

  • 1 697 826 kilometer kjøring sparte pasientane i Helse vest på å bruke andre digitale kontaktar framfor å skulle kjøre tur-retur næraste sjukehus.

  • 1 2023 sparte pasientar i Helse vest 11 075 244 kilometer kjøring tur-retur næraste sjukehus ved å bruke digitale helsetenester i staden for fysisk oppmøte.