Styreleiar handterer krevjande prosess

Helse Førde har motteke sju varsel. Varsla knyter seg mellom anna til handtering av ei mellombels omorganisering i kirurgisk klinikk.

Publisert 13.02.2024
Sist oppdatert 07.03.2024
En stor bygning med et snødekt fjell i bakgrunnen med Banff Springs Hotel i bakgrunnen

Med bakgrunn i innhaldet i varsla og den pågåande omorganiseringsprosessen er det styret i Helse Førde som handterer varslingssakene.

- Styret tek varsla på alvor, seier styreleiar Ole Gunnar Krakhellen.

Styreleiaren seier at det viktigaste no er å få gjort nødvendige undersøkingar rundt forholda det er varsla om, og samtidig ivareta organisasjonen. Vi er opptekne av å verne varslarane og andre som er berørte.

- Vi handterer sakene i tråd med aktuelt regelverk. Administrerande direktør Arve Varden har tidleg orientert styret om behovet for ei mellombels omorganisering, og denne prosessen held fram, seier styreleiaren.

Krakhellen understrekar at styret ikkje tek stilling til forholda det er varsla om, så lenge dei er under handsaming.