Styret har vedteke å legge ned ruseininga på Tronvik
Styret i Helse Førde vedtok 25. januar å legge ned ruseininga på Tronvik. Vedtaket vart gjort med sju mot fire stemmer. Dei tilsette sine representantar stemde mot administrerande direktør si tilråding.
Vedtaket er som følgjande:
Styret vedtek å legge ned drifta ved seksjon rus døgn Tronvik frå 01.05.24. Administrerande direktør får fullmakt til å tilpasse tidspunkt for avvikling av drifta i høve pasientbehov og omstillingsarbeidet. Styret har i vurderinga lagt vekt på kapasitet innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Helse Førde og Helse Vest og den samla rekrutteringssituasjonen for legar ved psykiatrisk klinikk.
Styret ber administrerande direktør gjennomføre kompenserande tiltak i samsvar med saksutgreiinga for å kunne ivareta behandlingsansvaret for pasientgrupper og for å sikre tilstrekkeleg kapasitet innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
Helse Førde skal gjennomføre omstilling med mål om at fast tilsette ikkje skal miste jobben som følgje av tiltaket. Dette skal skje gjennom naturleg avgang og omplassering av fast tilsette. I omstillingsarbeidet må fokus vere på arbeidsmiljø, samt helse, miljø og tryggleik for tilsette og pasientar.
Styret ber administrerande direktør etablere dialog med Høyanger kommune og eventuelt andre interessentar om eigedommen Tronvik.