Styret slutta seg til omorganiseringsprosess
Styret i Helse Førde har no i føremiddag slutta seg til framlegget om å omorganisere avdeling for akuttmedisin (AAM) i Helse Førde.
Publisert 14.02.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
Administrerande direktør Arve Varden bad styret slutte seg til ei melllombels organisering av AAM der avdelinga i ein mellomfase vert delt i to; ei avdeling for prehospitale tenester (ambulanse og AMK) og ei for anestesi, intensiv, operasjon, dagkirurgi og sterilsentralen.
Vidare skal det setjast i verk eit prosjekt for å vurdere korleis heile tenesta som ligg i dagens AAM skal organiserast i framtida.
Styret slutta seg samrøystes til dette.