Takk for bidraga til dei yngste
For dei yngste og mest sårbare pasientane kan møtet med sjukehuset vere tøft. Vi er glade for at så mange vil støtte oss i arbeidet med å gjere sjukehuset til ein betre stad for dei unge som treng å vere innlagt hjå oss. Takk for all omtanke og generøsitet!
Sjølvsagt skal helsepersonellet vårt stille opp med den best mogelege, mest moderne og best tilpassa behandlinga vi kan. Men tilfriskning og god helse heng også nøye saman med trivsel, spesielt når det gjeld dei yngste blant oss.
Mange vil hjelpe
I Helse Førde er vi glade for at det er så mange som viser omtanke og omsorg for barn og ungdommar som må bruke mykje tid på sjukehus. Vi opplever god vilje hjå mange som ønskjer å bidra til å gjere opphaldet her betre for den som er sjuk, og familien rundt. Vi har i fleire år motteke bidrag frå aktørar som russegrupper, lag, organisasjonar, bedrifter, barnehagar, skular og privatpersonar i alle aldrar.
Givarglede
Nokre sel vafler eller lodd, andre har strikka tepper, sokkar og luer for å skaffe midlar. Bidraga kan variere, men bakom ligg alltid eit ønske om å gjere møtet med sjukehuset best mogeleg for dei unge. Givargleda har gjennom mange år gitt oss høve til mellom anna å erstatte utstyret når PC`ar, spelekonsoll eller andre typar leiker på avdelinga havarerer eller treng fornying. Gåvene kan også gjere at ungdommar kan få tilbod om å ta med familie eller vener på pizzarestaurant eller på kinobesøk, eller fått bestille seg spesielt god mat inn på avdelinga.
Leik og stimulering
For sjukehuspasientar er det viktig å ta vare på det friske i seg, trass i sjukdom og sjukehusopphald. For dei yngste pasientane er det spesielt viktig med tilpassa avleiande aktivitetar som leik og anna stimulering, i trygge rammer. Midlar vi får til trivselstiltak, er øyremerka med eige prosjektnummer, slik at både vi og gjevarane kan vere trygge på at pengane blir brukt etter hensikta.
Mottaksrom med jungeltapet, lys og lyd
I utforminga av den nye barne- og ungdomsavdelinga i Livabygget har vi hatt fokus på at barna og ungdommane kan få vere saman med familien. Nokre av romma er utforma for at det skal kjennast trygt å vere der og leike, slik at dei unge kan få tankane over på andre ting enn sjukdom og undersøkingar. Bygstad Kvinne- og Familielag har bidrege med ei pengegåve slik at det nye mottaksrommet på avdelinga fekk veggar som har spennande jungeltapet, og der er også nordlys og ulike naturlydar.
Interaktiv skjerm
Mottaksrom med jungeltema og leikerommet passar best for dei minste. Derfor har vi også planar for midlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane, no Sparebank 1, om å lage ein spennande aktivitet til dei litt større barna. Vi arbeider med å få på plass ein interaktiv skjerm der barna kan teikne på eit ark og scanne teikninga digitalt, slik at figuren på magisk vis blir levande på storskjerm i til dømes ei verd under vatn, i ein by eller ute i verdensrommet.