Tidsplan for endringar ved tilbodet i Florø

Styret i Helse Førde vedtok i januar 2024 å redusere medisinsk klinikk sine tilbud i Florø frå 01.04. Styret opna samstundes for å kunne tilpasse endringsdatoane noko dersom det er hensiktsmesssig for drifta.

Publisert 02.04.2024
Sist oppdatert 05.04.2024
En gruppe mennesker utenfor en bygning

Avdelingane har no planlagt endringane våren 2024, og tidspunkta blir som følgjer:

  • Smertepoliklinikken flyttar til Førde sentralsjukehus 2. april. Inga endring på tilvisingar.

  • Ved medisinsk poliklinikk tar vi ned tilbodet i Florø 15. mai. Fleirtalet av infusjonsbehandlingane blir overtatt av avansert heimesjukehus for barn og unge (AHS). For nokre pasientar blir tilbodet flytta til Førde.

  • For Læring og meistring og fysioterapi tar vi ned tilbodet i Florø 15. mai. LMS-kursa denne våren blir ferdigstilte i Florø, frå og med i haust held kursa fram i Førde. Fysioterapi for lymfødem blir tatt over av Kinn kommune. Inga endring på tilvisingar. 

  • For radiologi tar vi ned tilbodet i Florø 29.  april. Siste dag med radiologi i Florø blir 26. april. Frå 29. april må pasientar tilvisast til Førde.