Tilbod til deg som er føresett for kjønnskreative barn

Nokre barn, unge og føresette har spørsmål rundt kjønnsinkongruens, men Helse Førde har ikkje eige tilbod som dekker dette. Derfor ønskjer Helse Førde sin sexolog Karianne Røssummoen Øyen å gjere merksam på at du treng ikkje reise lenger enn til Bergen for å finne det.

Publisert 09.10.2024
Tekst

Røssummoen Øyen er Helse Førde sitt medlem av ressursgruppa for kjønnsinkogruens i Helse Vest, og vil gjerne informere om Ung Arena Bergen sine tilbud. 

Målet er å skape eit trygt og inkluderande miljø der ungdommar kan utforske identiteten sin i trygge omgjevnader, og der foreldre kan få støtte og også meir kunnskap om tematikken.
 
Oversyn over Ung Arena Bergen sine tilbod 2024 - 2025
 
Tilbod til kjønnskreative barn, ungdommar og unge vaksne
•    Samtalegruppe for barn, ungdommar og unge vaksne om kjønnsidentitet
•    Sosiale kveldar for kjønnskreative barn, ungdom og unge vaksne
•    Mogelegheit for individualsamtalar med psykolog, erfaringskonsulent, barnevernspedagog, sosionom, miljøterapeut og andre frivillige. Anten som drop inn i åpningstidene, eller etter avtale.
 
Tilbod til foreldre/nærståande med kjønnskreative barn/familiemedlemmer

•    Foreldresamling/informasjonsmøte til føresette og nærståande om tilbudet den 7. november 2024  klokka 18 til 21 , Bergen Kjøtt, Skutevikstorget 1.
Meld deg på her: Påmelding - Foreldresamling om kjønnsidentitet
 
Samtalegruppe for føresette/foreldre med kjønnskreative barn og ungdommar:

Datoar og tid: 
13.01.2025  18:00 til 20:00 
10.03.2025 - 18:00 til 20:00 
10.05.2025 - 18:00 til 20:00  
Antall plasser: 15   
Meld deg på her: Påmelding - Samtalegrupper for foreldre om kjønnsidentitet
 
Mogeleg med foreldresamtalar, søskensamtalar og familiesamtalar med psykolog, erfaringskonsulent, barnevernspedagog, sosionom, miljøterapeut og andre frivillige. Etter avtale.

De finn meir detaljert informasjon om tilbuda her i tillegg til ressursar og omgrep som kan være nyttig – vi har prøvd å samle all informasjon på ein plass:

https://sway.cloud.microsoft/ZbWBASGTA0BGBHnd?ref=Link&loc=play


Vi inviterer altså alt no til foreldresamling om kjønnsidentitet den 7. november 2024!