Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tom Guldhav sluttar som klinikkdirektør i Helse Førde

Administrerande direktør Arve Varden og klinikkdirektør Tom Guldhav er blitt einige om at Guldhav fråtrer stillinga som klinikkdirektør og går tilbake til stillinga som overlege i kvinneklinikken. Bakgrunnen er usemje om sentrale vegval for Helse Førde.

Publisert 08.05.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
En stor bygning med parkeringsplass

For Helse Førde er det viktig å legge til rette for at toppleiarar som ønskjer å gå tilbake til faget, skal ha høve til å halde fram karrieren i føretaket. Sjukehuset har forplikta seg til at det i slike tilfelle skal gjevast rom for ein god prosess med fagleg oppdatering.

Tom Guldhav har sin siste arbeidsdag som klinikkdirektør fredag 10. mai. Etter sommaren vil han starte arbeidet med fagleg oppdatering.

Direktør for drift og eigedom, Helge Robert Midtbø, blir konstituert som direktør for kirurgisk klinikk. Midtbø var klinikkdirektør i kirurgisk frå mai 2014 til sommaren 2017 då han vart tilsett som øvste leiar for drift og eigedom.

Vidar Øvrebø vert konstituert som direktør for drift og eigedom. Øvrebø har sidan april 2021 vore stadleg leiar ved Lærdal sjukehus. Før det var han i sju år avdelingssjef for Pasientreiser i Helse Førde. 

Begge konstitueringane gjeld for inntil seks månader. Stillinga som direktør for kirurgisk klinikk vert lyst ledig når prosessen med å vurdere endra organisering av avdeling for akuttmedisin (AAM) er ferdig, truleg rundt midten av juni.

Så lenge dei mellombelse tilsetjingane varer, vert funksjonen som stadleg leiar i Lærdal ivaretatt på omgang av medlemmane i føretaksleiinga. Dette er same løysinga som vart valt då Nordfjord sjukehus stod utan stadleg leiar ein periode i fjor.