Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utskiftingar i Helse Førde-styret

Helse Vest har oppnemd nye eigarrepresentantar i styra i helseføretaka i regionen, og Helse Førde har fått tre nye styremedlemmer og ny nestleiar.

Publisert 30.01.2024
Sist oppdatert 21.06.2024
En gruppe mennesker som sitter ved et bord
HELD FRAM: Ole Gunnar Krakhellen (til høgre) held fram som styreleiar i Helse Førde. Her fotografert under styremøtet i Førde 25. januar i år.

Styra i helseføretaket er øvste ansvarlege organ i føretaket, med ansvar for drifta. Dei skal leggje til rette for at helseføretaket kan yte gode og likeverdige spesialisthelsetenester til befolkninga. Dei årlege oppdragsdokumenta og styringsdokumenta dannar grunnlaget for styret sitt arbeid.

Styret i Helse Førde HF har 11 medlemmer. Sju av dei er oppnemnde av eigar (Helse Vest), medan fire er valde av og blant dei tilsette i føretaket. Alle er likestilte medlemmer av styret. I tillegg har styret ein representant frå brukarorganisasjonane, som har tale- og forslagsrett.

Under finn du medlemmene i styret i Helse Førde, slik det ser ut frå 5. februar 2024. 

Helse Førde HF: 

Styreleiar Ole Gunnar Krakhellen
Nestleiar Marit Hermansen (styremedlem også tidlegare, ny som nestleiar)
Styremedlem Aud Ingrid Espeland
Styremedlem Arne Johannessen (ny)
Styremedlem Thomas Vingen Vedeld
Styremedlem Silje Skaar Sunde (ny)
Styremedlem Erik M. Hansen (ny) 
Tilsetterepresentantar:
Styremedlem Lena Thorsnes 
Styremedlem Kari Sunde Kvile 
Styremedlem Randi Aven 
Styremedlem Torfinn Heggland
Brukarrepresentant Marita Aarvik

Desse går ut av styret:
Anne Sissel Faugstad (tidl. nestleiar)
Reidar Sandal
Ivar Eriksen