Vestlandslegen kjem til Førde

Det er no klart: Helse Førde skal motta si første gruppe på 20 medisinstudentar i Vestlandslegen allereie i 2028. Dette kunngjorde forskings- og høgare utdanningsminsiter Oddmund Hoel under sitt besøk I Helse Førde onsdag.

Publisert 25.09.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
En gruppe mennesker som sitter rundt et bord
Kakefest for statsrådane: Oddmund Hoel og Erling Berge sprettar kaka til jubel frå Sunnfjord-ordførar Jenny Følling.

Dette inneber at Campus Vie i Førde får 20 medisinstudentar første året (2028), og det vil vere 60 medisinstudentar i Førde etter tre år. Dei som kjem til Førde i 2028 startar sine studium ved UIB kommande haust (2025).

Vestlandslegen er eit samarbeidsprosjekt mellom UIB, Helse Førde, kommunehelsetenesta og Høgskulen på Vestlandet.

Meir info om Vestlandslegen på UIB si nettside.

- Dette hadde vi nesten ikkje tørt å drøyme om, var det første administrerande direktør Arve Varden sa då han innleia møtet med statsrådane Oddmund Hoel og Erlend Sande onsdag.

 - Dette er ein historisk dag, sa ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling.

Det mangla altså ikkje på dei store orda då nyhendet vart presentert i styrerommet i Hildrabygget i føremiddag. 

 - Vestlandslegen er truleg det viktigaste enkelttiltaket for å betre legerekrutteringa til distriktet vårt, seier Arve Varden. - Det vil gje legar betre moglegheit for å bygge langsiktig karriere lokalt.

Arve Varden og Gro Rukan frå fag- og utviklingsavdelinga synte fram lokala i Angabygget der legestudentane skal få sine kontor- og undervisingslokale til representantane frå UIB - frå venstre dekan Per Bakke, Marit Øilo (visedekan for utdanning) og rektor Margareth Hagen (rektor).

Vestlandslegen betyr at ei gruppe av studentane som startar på medisinstudiet ved Universitetet i Bergen hausten 2025, kan fullføre studiet ved  sentralsjukehuset i Førde.
 
Målet med Vestlandslegen er å utdanne legar på og for Vestlandet, og er eit svar på Grimstadsutvalget sin rapport frå 2018. Rapporten konstaterte eit stort behov for å auke utdanninga av legar i Norge. 

Modellen inneber at medisinstudentane først tek tre år i Bergen før dei blir send vidare til Stavanger, og no etterkvart Førde. Den aller første gruppa Vestlandslegar på sju studentar starta ved Stavanger universitetssjukehus (sitt fjerde studieår) hausten 2023.

Helse Førde har samarbeidd med Universitetet i Bergen (UIB) og Høgskulen på Vestlandet (HVL ) om å realisere planane, og i dag kom altså forskings- og høgare utdanningsminsiter Oddmund Hoel med nyheita om at det blir mogeleg for at medisinstudentar kan ta deler av utdanninga lokalt i Helse Førde frå og med kullet som startar ved UIB i 2025. Dette inneber at Helse Førde mottar sine første medisnstudentar i 2028.  
 
Studentane vil arbeide tett på den kliniske kvardagen både i spesialisthelsetenesta og i kommunehelsetenesta i regionen. Tanken er at Vestlandslegen skal bidra til auka rekruttering av legar til helsetenesta i distrikta.
 
Alle medisinstudentar ved UiB følgjer same studieopplegg dei første tre studieåra. I studieår fire til seks vil studentar på studieløp Vestlandslegen få Stavanger eller Førde som studiestad.

Studieløp Vestlandslegen og studieløpet i Bergen har noko ulik rekkefølgje på fag, praksis og undervising. Læringsutbytet skal likevel vere likt for begge studieløpa, og skal gje studentane dei nødvendige kunnskapane dei treng for å bli gode legar. 
 
På grunn av avgrensa tal studentar på kvar stad vil undervisarar og andre tilsette på sjukehuset ha kjennskap til kvar enkelt student og kvifor dei er der. Som del av eit lite kull vil kvar student også få klinikknær undervising, meir pasientkontakt og tettare fagleg oppfølging enn det ein kan forvente om dei var del av eit større kull.
 
Målet er at Vestlandslegestudentane skal få mykje ferdigheitstrening med tett rettleiing og oppfølging fra undervisarane. Det skal leggast opp til at dei deltek aktivt i undervisninga og at dei har dialog med undervisarane. Dei skal arbeide mykje med case og vil få god trening i å møte reelle pasientar.