Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil arbeide fram ny helseklynge

Ei helserelatert kunnskaps- og næringsklynge for Sogn og Fjordane er under utforming i Førde.

Publisert 28.06.2024
Sist oppdatert 08.10.2024
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Saman for å styrke samhandlinga om helse. Frå venstre: Simon Erling Nitter Dankel (UiB), Anne Kristin Kleiven (Helse Førde), Hans Jakob Reite (HVL), Arve Varden (Helse Førde), Gunnar Yttri (HVL), Jenny Følling (Sunnfjord kommune), Trond Ueland (Sunnfjord kommune) og Gro Rukan (Helse Førde).

Framtidas helse- og omsorgstenester er under sterkt press. Tilgang på arbeidskraft vil ramme mindre stadar hardare enn sentrale strok. Dette er bakteppet for at partnarane, Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet (HVL), saman med Sunnfjord kommune og Universitetet i Bergen (UiB) no tar nye steg.  Gjennom Campus Vie-prosjektet, har dei kartlagt korleis ein kan legge betre til rette for styrka samarbeid innan utdanning, forsking og innovasjon.

Frå ein fellesarena på sjukehus- og høgskuleområdet på Vie i Førde er målet å styrke samhandlinga mellom utdanning, helsesektoren, næringslivet og interesseorganisasjonar dei komande åra. Partnarane i prosjektet ønskjer å leggje til rette for meir kompetansedeling og sambruk av areal.

Investere saman

- For Høgskulen på Vestlandet vil dette vera med å styrke vår faglege profil innan helse- og teknologifag. Det er i tråd med dei ambisjonane vi har for det nye universitetet. At vi får fram dette i lag med fleire andre aktørar, er ein styrke, seier rektor Gunnar Yttri ved HVL.

Anne Kristin Kleiven, prosjekteigar for Campus Vie-prosjektet og utviklingsdirektør i Helse Førde, er samd:

- Det er fornuftig å investere i ei slik satsing i lag. Det er både kostnadseffektivt, meir miljøvenleg og ikkje minst kan ein slik fellesarena bli eit attraktivt kraftsenter som heile regionen vil dra nytte av både når det gjeld rekruttering og innovasjonssamarbeid.

Positivt for regionen

Universitetet i Bergen (UiB) er også tilknytt prosjektet gjennom Vestlandslegen, som blir eit nytt desentralisert tilbod til medisinstudentar. Legestudentane vil i framtida kunne fullføre dei tre siste studieåra av utdanninga ved sjukehus fleire stadar på Vestlandet. Tilbodet er allereie på plass i Stavanger. Slik planane ligg føre, vil Helse Førde få medisinstudentar innan 2030.  

- Med både HVL og UiB på plass i Førde vil det styrke utdannings- og kompetansemiljøet på Vie. Fleire studietilbod i Sunnfjord er positivt for regionen, og forsking viser at mange vel å bli verande der dei studerer, fortel Trond Ueland i Sunnfjord kommune. 

Utmerkar seg 

Partnarane meiner fleire treng å få auga opp for breidda av fagleg aktivitet hos organisasjonane som held til på sjukehus- og høgskuleområdet på Vie. Forskingsmiljøet er i vekst, og forskinga frå Førde utmerkar seg utover landegrensene. Talet på doktorgradskandidatar knytt til desse to miljøa har auka kraftig dei seinare åra. Betre synleggjering av forskings- og utviklingsarbeidet som skjer på Vie, er viktig for at fleire skal søke seg til regionen. 

Tettare samarbeid

Initiativet til å etablere ei helserelatert kunnskaps- og næringsklynge i Sogn og Fjordane har blitt godt mottatt. På kort tid har 21 organisasjonar signert ei intensjonsavtale om å vere med i klyngesatsinga, og fleire er velkomne. Klynga skal legge til rette for samarbeid gjennom gode møteplassar med tilgang til kompetanse og testfasilitetar. Ikkje minst kan ei slik klynge bidra til auka attraktivitet og rekruttering gjennom å bidra til synleggjering av omfanget og variasjonen av forskings- og innovasjonsprosjekt i regionen. Neste steg på vegen vert å samle alle interessentane til eit ope møte etter sommarferien. 

- Ei slik helseklynge vil kunne få stor betydning for utvikling og verdiskaping i regionen. Krafta som ligg i tverrfagleg samarbeid må vi bli endå flinkare til å dyrke også i Sogn og Fjordane, seier Ivar Petter Grøtte, leiar for administrasjon til IT-Forum Vest. Dei er ein av dei 21 organisasjonane som ønskjer ei slik helseklynge velkomen.

Her finn du sluttrapporten om Campus Vie-prosjektet:

 

Campus Vie - fakta

Førde sentralsjukehus og Høgskulen på Vestlandet sitt campus ligg på Vie i Førde. Om nokre år kjem også Universitetet i Bergen til å etablere seg her med studietilbodet Vestlandslegen. Prosjektet som har sett på moglegheita for å utvikle området vidare har så langt fått arbeidstittel Campus Vie.

I framtida planlegg Høgskulen på Vestlandet, Universitetet i Bergen, Helse Førde og Sunnfjord kommune å samlokalisere ein del funksjonar som til dømes eit felles senter for simulering og ferdigheitstrening, labfasilitetar, kurs- og konferanseaktivitetar og legge til rette for meir samhandling om forsking og innovasjon med eksterne aktørar. 

Det er teke initiativ til å etablere ei helseklynge. Dei 21 som førebels har signert intensjonsavtale med partnarane i Campus Vie-prosjektet er:

  • IT Forum Vest
  • Helse Vest IKT
  • Bano
  • Digiplate
  • Pace Healthcare
  • PEAK Venture
  • Intin
  • Norse Feedback
  • Carasent
  • Retrams
  • AKA Freehands
  • Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter
  • Kunnskapsparken Vestland
  • Sogn Næring
  • Sunnfjord Utvikling
  • Førde vidaregåande skule
  • Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester Vestland (USHT)
  • Fjaler kommune
  • Stryn kommune
  • Gloppen kommune
  • Stad kommune