Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Frivillige i Helse Førde

– Eg har god erfaring frå pasientsida, og veit kor viktig det er å støtte og rettleie pasientar

Kvar onsdag møter du Harald Kirkebø og Marianne Starheim i grøne uniformer på Førde sentralsjukehus. Dei er alltid klare med eit smil, venlege ord og ei hjelpande hand. Innsatsen deira betyr mykje både for pasientar, pårørande og tilsette.

Publisert 12.12.2025
Sist oppdatert 02.11.2026
Tre eldre som stiller på som frivillige ved Førde sentralsjukehus
I frivillig teneste kvar veke: Harald Kirkebø, Berit Grue og Marianne Starheim

Harald og Marianne har vore med sidan oppstarten på frivilligordninga ved Førde sentralsjukehus. Begge er pensjonistar, og Harald har heile 49 år bak seg i elektrobransjen, dei siste åra som dagleg leiar i eit firma i Førde. Saman har dei ein stor familie med barn og barnebarn. Dei set pris på å kunne gjere noko meiningsfullt saman, og stiller på som frivillige ved sjukehuset kvar onsdag. 

– Det er utruleg kjekt å vere frivillig, og det er heilt passeleg med ein fast ting å forhalde seg til i veka, smiler Harald, som legg til at det er hektisk å vere pensjonist. 

Eigne erfaringar ført til ønske om å bidra

Det var Marianne som først oppdaga informasjonen om frivilligtenesta på nettet. Harald hadde sjølv fått erfare kor mykje dei frivillige sin innsats betydde, då han var pasient på Haukeland universitetssjukehus. Når sjansen baud seg i Førde, var han ikkje i tvil om at han ville vere med.  

– Eg har god erfaring frå pasientsida, og veit kor viktig det er å støtte og rettleie pasientar i møte med sjukehuset, seier han.  

Oppgåvene på sjukehuset er mange og varierte. Dei hjelper pasientar som er usikre på kvar dei skal, følger folk til apoteket eller ut på balkongen for litt frisk luft, og dei slår gjerne av ein prat med dei som ventar på transport heim. Nokre gonger gjer dei også små ærend på butikken for pasientar som ikkje kjem seg ut.  

– Mange er usikre og litt bekymra når dei kjem på sjukehuset, og då er det ekstra fint å kunne strekke ut ei hand og hjelpe. Folk er så takknemlege for at vi er her, seier dei to.  

Gode møte og sterke inntrykk 

Både pasientar og pårørande set stor pris på innsatsen til dei frivillige. Dei får ofte varmande ord og takk for hjelpa. 

– Å, det var kjekt du var her og kunne hjelpe meg på bussen. Dette hadde eg ikkje greidd aleine, sa ein pasient medan vedkomande heldt godt tak i handa til Marianne.  

Slike tilbakemeldingar gjer inntrykk seier dei.  
 
Det hender at pasientane har mykje på hjartet om både det eine og det andre. Transport er eit tilbakevendande tema. Men Harald og Marianne tek hjartesukka med eit smil.  

– Vi har blitt ekspertar på å nikke forståingsfullt og kome med oppmuntrande ord. Om det blir ekstra mykje klaging, så hjelper det alltid med litt glimt i auget og ein kopp kaffi. No kan vi også snart rutetabellane til bussane utanåt, seier dei to lattermildt. 

Samarbeid, utvikling og gode råd 

Harald og Marianne håpar fleire avdelingar vil bli endå flinkare til å bruke dei frivillige, særleg til praktiske oppgåver som å hente rullestolar, og følge pasientar dit dei skal. Dei rosar prosjektgruppa for svært god oppfølging og tilrettelegging, og oppmodar fleire til å melde seg som frivillige.  

– Prosjektgruppa er heilt fantastiske, og dei gjer sitt beste for å legge til rette for oss, seier Marianne.  

Dei to avsluttar med ei anbefaling til alle som vurderer å bidra:  

– Vi anbefaler det varmt! Det gir mykje tilbake, både til deg sjølv og andre.