Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

9,6 mill. til prosjekt som skal betre kreftbehandling av eldre

Stadig fleire kreftpasientar er over 70 år. Like før påske løyvde Helse Vest 9,6 millionar kroner til eit prosjekt som skal sikre desse pasientane ei meir heilskapleg oppfølging i helsevesenet.

HELSE FØRDE
Publisert 22.04.2025
Kvinnleg lege står i sjukehuskorridor
– Vi har sett eit klart behov for å tenke nytt rundt behandlinga av eldre med kreft, seier overlege og prosjektleiar Nienke Aafke De Glas.

Prosjektet vert leia av overlege Nienke Aafke de Glas, PhD i Helse Førde, og det har brei deltaking frå fleire helseføretak, forskingsmiljø og kommunar.

- Behov for nytenking

IMPACT, som prosjektet er kalla, får 9,6 millioner frå Helse Vest til å byggje opp ei strategisk satsing på skreddarsydd kreftbehandling for eldre kreftpasientar.

– Vi har sett eit klart behov for å tenke nytt rundt behandlinga av eldre med kreft. Dette prosjektet gjev oss eit konkret verktøy for å betre livskvaliteten og behandlingsutfallet for denne gruppa, seier overlege og prosjektleiar Nienke Aafke De Glas i Helse Førde.

Spesielt tilpassa den enkelte pasient

I møtet med helsetenesta står denne pasientgruppa ofte overfor store og annleis utfordringar enn dei yngre. I tillegg har talet eldre med kreft auka dramatisk dei siste tiåra, og halvparten av alle nye krefttilfelle i Norge er hjå personar som er over 70 år. Mange av pasientane i denne gruppa er skrøpelege, og har gjerne fleire helseutfordringar samstundes. Dette gjer dei ekstra sårbare for biverknadar og komplikasjonar.

Det er her IMPACT-studien kjem inn. For å møte desse utfordringane utviklar IMPACT-studien ein behandlingsplan som er spesielt tilpassa den enkelte, eldre kreftpasient. Målet er å bruke ei geriatrisk vurdering for å få heilskapleg forståing av korleis helsa til pasienten er, og korleis pasienten fungerer fysisk, sosialt og psykisk.

 Breitt samarbeid, mange aktørar

Denne vurderinga vert integrert i behandlingsplanen, slik at helsevesenet får eit betre grunnlag for å gje kvar enkelt pasient tilpassa oppfølging og behandling. 

IMPACT-prosjektet er resultat av eit sterkt samarbeid mellom lokale, nasjonale og internasjonale aktørar. Det er forankra i både klinisk praksis og forsking på tvers av avdelingar i Helse Førde. Dette er eit samarbeid mellom medisinsk klinikk, kirurgisk klinikk, samhandling, og forsknings- og utviklingsavdelinga. 

I tillegg har prosjektet støtte frå nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar, inkludert Sunnfjord kommune, Høgskulen på Vestlandet, NTNU, Helse Bergen, Oslo universitetssykehus og Leiden universitetssykehus i Nederland.
 
Ambisjonen er klar: å utvikle ny kunnskap og praksis som kan løfte kreftbehandlinga for eldre – både her i Norge og internasjonalt.