Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Arve Uglum ny kommunikasjonssjef i Helse Førde

Arve Uglum er tilsett som ny kommunikasjonssjef i Helse Førde. Uglum er i dag redaktør i Sogn Avis.

Publisert 14.05.2025
Portrettbilde av den nytilsette kommunikasjonssjefen Arve Uglum

Foto: Vidar Avdem Stadheim

- Helse Førde er den største og viktigaste arbeidsgjevaren i Sogn og Fjordane, med eit samfunnsoppdrag som handlar om liv og død. Helse Førde hjelper folk i Sogn og Fjordane til verda, og held dei trygge gjennom livet. Det er vanskeleg å ikkje bli tiltrekt av eit slikt oppdrag. Eg ser fram til å bidra med det eg kan inn i dette, og å lære organisasjonen, kommunikasjonsstaben og leiargruppa å kjenne, seier Uglum. 

Den nye kommunikasjonssjefen har nesten 30 års bakgrunn frå media. Han arbeidde både i Sogn Dagblad og Årdal og Lærdal Avis før han i 1999 vart tilsett i NRK Sogn og Fjordane. Her var han journalist på lokalkontoret, men var også innom sporten i NRK sentralt. For folk flest er nok Uglum mest kjend for dei populære NRK-seriane Fjellfolk og Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. I 2020 tok han steget tilbake til avisverda då han vart tilsett som redaktør i Sogn Avis. 

- Eg har lenge att til pensjonsalder og klarar ikkje sjå føre meg å vera redaktør så lenge. Då må ein nytte sjansane når dei kjem, og no vart den mest attraktive kommunikasjonsjobben i Sogn og Fjordane ledig.  

Administrerande direktør Arve Varden seier han er svært nøgd med at Uglum takka ja til jobben: 

- Vi får ein kommunikasjonssjef med lang erfaring frå media. Han kjenner Sogn og Fjordane svært godt og har stor kunnskap om korleis samfunnet og det politiske systemet fungerer.  

Den nytilsette kommunikasjonssjefen er 50 år og bur i Sogndal. Han er sambuar og har tre born.  

- Eg legg ikkje skjul på at eg har mykje å lære om spesialisthelsetenestene, men håpar eg har kome eit stykke på veg innan eg startar, seier Uglum. 

Det siste, altså kor tid han tek til i jobben, er så langt ikkje avklara: 

- Når det blir, er opp til min noverande arbeidsgjevar. Eg har arbeidsoppgåver eg må fullføra her før eg går av, og ei oppseiingstid å ta omsyn til. 

Uglum tek over etter Terje Ulvedal som går av med pensjon til sommaren etter å ha vore kommunikasjonssjef i Helse Førde sidan 2013.