Banebrytande resultat i behandling av panikkliding

Ei ny studie gjort ved Helse Førde viser lovande resultat for behandling av panikkliding gjennom intensiv fire-dagars kognitiv åtferdsterapi.

Publisert 15.01.2025
en mann foran pc og skrivebord
Medforfattar i studien frå Helse Førde, kognitiv terapeut Thorbjørn Olsen.

Studien frå Helse Førde får brei omtale i det internasjonale tidsskriftet BMC Psychatry.

Metoden er kjent som Bergen 4-day Treatment (B4DT). Studien vart utført i samarbeid med Bergen Center for Brain Plasticity, og har undersøkt effekten av denne behandlinga i Helse Førde. Studien dokumenterer betydeleg og langvarig betring i pasientane sin tilstand.

 
Langvarig effekt

I løpet av studien vart 58 pasientar behandla med B4DT i Helse Førde, der dei opplevde at symptoma på panikkliding vart betydeleg redusert. Heile 82 prosent av deltakarane oppnådde betring ved oppfølging etter 12 månader. Studien rapporterte også vesentleg betring i relaterte tilstandar som depresjon og generalisert angst.

Styrkjer lokal behandlingstilgang

- B4DT representerer ei viktig utvikling i vår evne til å tilby rask, effektiv og tilgjengeleg behandling utanfor dei mest sentrale geografiske områda, seier Thorbjørn Olsen, som var medforfattar på studien fra Helse Førde. - Dette kan endre måten vi tilbyr psykisk helsehjelp på, og sikre at færre fell utanfor.

Framtidas behandling av panikkliding

Resultata frå Helse Førde underbyggjer det internasjonale potensialet i B4DT, og gjev håp om behandling for pasientar som ofte har avgrensa tilgang til spesialiserte psykiske helsetenester. - Vi ser nå at behandling av desse ikkje berre er mogeleg, men at den også er svært effektiv over tid, og det i vårt eige føretak,» påpeikar Olsen.

 

Oppsummering av artikkel: «Bergen 4-dagars behandling for panikkliding: Ei langtids oppfølgingsstudie i Helse Førde.»


Bakgrunn:
Panikklidelse (PD) har betydelig negativ innvirkning på livskvaliteten og kognitiv atferdsterapi (CBT) har vist seg å være en effektiv behandlingsform. Denne studien fokuserer på en intensiv behandlingsmetode, Bergen 4-dagers B, utført i Helse Førde, for å vurdere langtidseffektene i en norsk helsekontekst.

Metodar:
Studien omfatta 58 pasientar behandla med B4DT ved eit distriktspsykiatrisk senter i Helse Førde, som ein del av den ordinære behandlinga. Pasientane vart evaluert ved hjelp av anerkjende psykrometriske mål, inkludert Panic Disorder Severity Scale (PDSS), før og etter behandlinga, og igjen etter 12 månader.
 
Resultat:
Pasientane opplevde signifikant og varig reduserte symptom på panikkliding, med heile 82 prosent andel remisjon ved oppfølging i 12 månader. Studien dokumenterte også betydeleg betring i sekundære utfall, som depresjon og generalisert angst.

Konklusjonar:
B4DT viser seg å vere ei lovande, intensiv behandlingsform for panikkliding med stabile langtidsresultat i Helse Førde. Funna støttar potensialet for intensiv CBT for å oppnå varig betring av symptom, og understrekar behovet for vidare undersøkingar og implementering i liknande helseinstitusjonar.

Klinisk Relevans:
Studien demonstrerer korleis ei intensiv behandlingsform kan bli effektivt implementert som ein del av den ordinære pasientbehandlinga i Helse Førde, og gjev håp om tilgjengeleg og effektiv behandling for pasientar med panikkliding. Dette bidreg til å forbetre den psykiske helseomsorga i regionen.