Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dei første studentane ved Vestlandslegen på besøk

Fredag 31. oktober besøkte dei første medisinstudentane ved det desentrale studiet Vestlandslegen Førde sentralsjukehus. Dei fekk eit tett program og god sjanse til å bli kjent med campus, sjukehuset og undervisarane.

Publisert 07.11.2025
Ei gruppe menneske på farten i ein korridor
Over 30 studentar har valt Campus Førde 

Over tretti studentar har valt Campus Førde som studiestad etter tre år ved Universitetet i Bergen. Fire av dei kjem frå Sogn og Fjordane: Torbjørn frå Sogndal, Sara frå Florø, Mathilde frå Førde og Eline frå Høyanger. Tjueni studentar besøkte Campus Førde.

Ein person held ein presentasjon for ei gruppe menneske
Velkomen til Vestlandslegen

Administrerande direktør Arve Varden ønskte studentane velkomen: 

– Vestlandslegen er noko vi har arbeidd lenge med. Vi trur det er viktig for å rekruttere legar til Sogn og Fjordane, både i spesialist- og kommunehelsetenesta. Eg håpar de vil trivast og finne studiet meiningsfullt. Kanskje ser de ei framtid som lege her hos oss? 

Speed-date med fagmiljøet 

Studentane fekk møte undervisarane gjennom ein "speed-date" med fagmiljøet. Med entusiasme og humor presenterte dei faga sine og seg sjølv. Dei understreka at Helse Førde har lang erfaring med undervisning, blant anna gjennom LIS-utdanning og praksisordningar. 

– Lite sjukehus driv også med avansert behandling, sa Pawel Mielnik.

ei gruppe personar som poserer for eit bilde
Fordelane med ein liten stad

Fleire peika på fordelane med å studere på ein mindre stad. Det gode samarbeidet mellom fag og avdelingar vart framheva. Her kjenner folk kvarandre, og det er lettare å bygge relasjonar. Som ein sa: 

– Vi er litt mindre, litt lettare – og litt oftare nærare pasientane. 

Ei gruppe menneske som står framfor ein skjerm
LIS-legar som ambassadørar

LIS-legane Vilde, Malin og Kristine fortalde om si opplæring i Førde. Dei trekte fram tett og personleg oppfølging, god trivsel og opplæring nær pasient og behandling.

Møte med kommunen og byvandring 

Dagen vart avslutta med møte hos Sunnfjord kommune og byvandring i Førde sentrum. 

Studentane på veg opp til Vidsyn