Europeisk interesse for flaumsikringa ved Førde sentralsjukehus
Førde sentralsjukehus ligg i eit område med høg flaumfare. Plassert mellom to elvar og i eit klima med intens nedbør og rask snøsmelting, vart det nødvendig å sikre bygga og drifta mot flaum. Motivasjonen og måten dette er gjennomført på har vekt interesse.

Foto: Helse Førde
Etter ein flaum i 2014, som skada både bygningar og påverka sjukehusdrift, vart det utvikla ein heilskapleg plan for området. Her vart det planlagt å etablere flaumsikring som skulle verne både nye og eksisterande bygg.

Flaumsikring eit klimatilpassingstiltak
Prosjektet vart gjennomført som eit klimatilpassingstiltak, med mål om å sikre kontinuerleg drift, styrke beredskapen og verne kritisk infrastruktur. Det vart gjennomført grundige risikoanalysar for både 200-års- og 1000-årsflaum.
Planarbeidet hadde brei støtte frå sjukehusleiinga, teknisk personell, Sunnfjord kommune og NVE. I 2020 vart det bygd ein 750 meter lang flaumbarriere og ein pumpestasjon med fire pumper og naudstraumforsyning. Anlegget er dimensjonert for å tole ein 1000-årsflom, og har sidan blitt aktivert under to flaumehendingar – inkludert den i mars 2025 – utan at sjukehuset fekk skade.
Den europeiske interessa
Sasha Mosky er knytt til European Environment Agency (EEA). I juni kom denne førespurnaden frå Mosky til prosjektdirektør Kjell Inge Solhaug i Helse Førde:
- Eg førebur ein presentasjon om klimaberekraftige helsesystem til Clean Med-konferansen den 10. juni. I presentasjonen ønskjer eg å løfte fram nokre gode eksempel, og tenkte naturlegvis på dykkar sak.
Seinare same månad kom det òg ein artikkel i EEA sitt kvartalsvise nyheitsbrev, med ein grundig presentasjon av Helse Førde sitt arbeid med flaumsikring.
Støtter opp under berekraftig utvikling
European Environment Agency (EEA) er eit byrå under EU. Hovudkontoret ligg i København og har 32 medlemsland, inkludert Noreg. Oppgåvene deira er mellom anna å samle inn, analysere og formidle påliteleg og uavhengig informasjon om miljøet i Europa. Arbeidet deira blir vurdert som viktig for å identifisere framtidige miljøutfordringar og foreslå løysingar.
Utan flaumsikring ville dei eksisterande bygga ved Førde sentralsjukehus ha vore utsette for framtidige flaumar, og vidare utvikling på sjukehustomta ville ikkje vore tillate. Flaumsikringstiltaka gjorde det mogleg å bygge Livabygget og samtidig verne eksisterande bygg og installasjonar.
Fakta om flaumsikringa:
Flaumsikringa er sett saman av fleire element
Spunt er seks meter lange stålprofilar som er banka om lag fem meter ned i bakken. Spunten er sett opp frå Vievegen i søraust og strekkjer seg 230 meter vestover. Ved Farabygget går flaumvernet over i ein flaumvoll.

Foto: Helse Førde
Flaumvollen har ein tettekjerne av leire. Ved Farabygget er også pumpestasjonen plassert. Stasjonen har fire pumper som er bygde inn i sjølve vollen. Kvar pumpe har kapasitet på 500 liter per sekund. Når alle pumpene går samtidig, kan dei pumpe til saman 2000 liter per sekund.

Foto: Helse Førde

Foto: Helse Førde
Vollen strekkjer seg vidare frå Farabygget til vestsida av Dagabygget. Der går han over i ein betongkonstruksjon som held fram til nordsida av Dagabygget, før han igjen går over til jordvoll. Denne delen av vollen er ytterkant av parken og gir god skjerming for den. Frå jordvollen går flaumvernet over til betong langs Svanehaugvegen og vidare opp mot høgskulen.
Lenker:
European Environment Agency (EEA: https://www.eea.europa.eu/en
European Environment Information and Observation Network: https://www.eionet.europa.eu/
CleanMed Europe 2025 Jun 10 - 13, 2025:
https://events.hubilo.com/cleanmed-europe-2025/register?sessionId=254136
Flaumvernet som ein del av: Transforming healthcare - Hospitals and eco-cities
Sasha Mosky, Climate Change Consultant at European Environment Agency