Flyttar ambulansebåt til Lavik
Ambulansebåten i Solund vert no i kveld flytta til Lavik. Årsaka er raset som stengjer vegen vest om Høyanger.
Publisert 08.03.2025
Sist oppdatert 22.04.2025

Det var i ettermiddag eit steinras stengde fylkesveg 55 mellom Høyanger og Kyrkjebø. Store steinar rasa ned i vegen mellom Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen.
Vegen vert ikkje opna att før tidlegast søndag, og for å styrke beredskapen har Helse Førde avgjort å flytte ambulansenbåten frå Hardbakke inn til Lavik.
Det er tilgang på ambulanse og lege i Høyanger.