Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Flyttar døgnambulanse frå Lavik til Fjaler

Grunna pålegg frå Arbeidstilsynet blir døgnambulansen som har vore stasjonert i Lavik, mellombels flytta til Fjaler. Dette skjer frå 1. mai. På dagtid skal bilen likevel stå i Lavik, og returnere til Fjaler om kvelden.

Publisert 30.04.2025
Sist oppdatert 01.05.2025
Ein gul bil parkert i ein garasje

Det er HMS-tilhøva ved ambulansestasjonen i Lavik og pålegg frå Arbeidstilsynet som er bakgrunnen for  den midlertidige rokeringa som skjer i Ytre Sogn/Sunnfjord. 
Forholda ved ambulansestasjonen i Lavik har vore tema i lengre tid, og dette påverkar arbeidsmiljøet for dei tilsette. Helse Førde har søkt å finne andre løysingar, men det har ikkje lukkast å finne lokale som løyser situasjonen. 

- Samtidig har Helse Førde hatt driftsutfordringar i Lavik, både med omsyn til kvalifisert arbeidskraft og forsvarleg arbeidsmiljø. Dette medfører behov for dag-til-dag flåtestyring for å oppretthalde beredskap og tilfredsstillande arbeidsmiljø, seier direktør for kirurgisk klinikk i Helse Førde, Bjørn Morten Øen. - Når Arbeidstilsynet no kjem med direkte pålegg til oss, har vi valt å flytte døgnbilen mellombels til Dale.  
 
Dale ambulansestasjon har fram til no hatt ein døgnambulanse og ein dagambulanse mellom klokka 08 og 20. Lavik-ambulansen kjem no i tillegg, men den vil i perioden mellom 09 til 19 bli stasjonert i Lavik på beredskapspunkt ved dagens stasjon. 

Den mellombelse flyttinga kan i nokre tilfelle gje lengre køyreveg og dermed forlenga responstid - i prehospital plan vart dette berekna å kunne auke responstida med inntil 15 minuttar for innbyggjarar i Hyllestad og Høyanger kommune.