Gul beredskap i ambulansetenesta
Det er innført gul beredskap i ambulansetenesta onsdag kveld. Dei store nedbørsmengdene skapar utfordringar mange stader i området vårt, men har likevel så langt ikkje skapt dei heilt store vanskane for Helse Førde.

OPPDATERING 06.03: Gul beredskap i ambulansetenesta oppheva. Normal drift i Helse Førde.
I indre delar av Sogn er mange vegar stengde, og fleire bygder isolerte. Helse Førde har i kveld ein ambulansebåt på veg innover Sognefjorden. Denne vil bli stasjonert på Kaupanger for å dekke desse kommunane.
Mange vegar er stengde på grunn av overflatevatn og ras
Det er også sett i verk andre tiltak for å styrke beredskapen. Det er etablert samarbeid med Redningsselskapet, dei har båtar både i Florø og på Leikanger. Og i Jølster, der vegane på begge sider av vatnet er stengde, er Sivilforsvaret på plass med ein båt.
AMK og ambulansetenesta følgjer utviklinga tett utover natta.