Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Førde donerer operasjonsbord til Ukraina

- Det er ein svært stor donasjon av medisinsk utstyr til Ukraina, seier klinikkdirektør Bjørn Morten Øen. Dette er utstyr som sto att i operasjonsstovene vi flytta frå. Operasjonsborda er brukte, men dei har stor bruksverdi og god levetid att. At utstyret går til Ukraina gir meining på så mange måtar.

Publisert 20.06.2025
Ei gruppe menneske lastar ein lastebil

Foto: Helse Førde

Det ville ta ein til to månader å flytte og gjenbruke utstyr frå dei gamle stovene til dei nye i  Livabygget. Operasjonar kan aldri stogge, og dei nye stovene i Livabygget måtte vere komplett utstyrte frå første dag. Det er bakgrunn for at det no er eit overskot på utstyr. Donasjon av restutstyret er ein god måte å sikre at operasjonsborda kjem til nytte. 

Ein utstyrsdel på palle

Foto: Helse Førde

Eit operasjonsbordet er samansett av fleire delar. På bildet ser vi sokkelen som var festa i betonggolvet i det gamle operasjonsarealet i Svanabygget. Operasjonsborda vart demonterte i samband med ei ombygging som nett er avslutta. 

For å få utstyret fram til Ukraina samarbeider Helse Førde med Førde Rotary klubb. Fredag 20. juni blei utstyret henta.

   
- Det er ei stor oppgåve å få dette utstyret levert til Ukraina. Her er Helse Førde heilt avhengige av å samarbeide med nokon som alt har hjelpearbeid i Ukraina. Rotary har det nettverket som skal til for å få denne donasjonen fram, seier Øen.

Ei gruppe menneske som held eit flagg

Foto: Helse Førde

T.v. President i Førde Rotary klubb, Gro Eliassen, klinikkdirektør i Helse Førde Bjørn Morten Øen, Leon Haugsbø, Bjørn Inge Geithus, begge Førde Rotary klubb og ukrainsk tolk Teodor Kohot.

Operasjonsbord til seks stover 

Donasjonen består av 12 operasjonsbord med tilbehør og 6 soklar. Det blir donert ulike typar bord som kan brukast til blant anna  gjennomlysing, gynekologi, kirurgi og ortopedi. Deler og servicemanual blir også levert. Utstyret, som var nytt i 2001 av merket Maquet, er ein svært anerkjend produsent. 

Eit par menn i sikkerheitsvestar som står ved sidan av ei maskin

Foto: Helse Førde

Dette bildet viser korleis sokkel og bord fungerer saman. Sokkel er fastmontert i golvet og operasjonsborda er mobile. Mellom dei 12 borda er det ulike typar alt etter kva for operasjonar som skal utførast.

Verdien på donasjonen 

- Det er ikkje noko bruktmarknad for slikt utstyr i Europa, sal er difor ikkje eit alternativ, seier avdelingssjef på medisinteknisk avdeling, Per Arne Flølo.  
- Utstyret er avskrive, og det er umogeleg sette ein kronesum på donasjonen. Bruksverdien er likevel så stor at vi ikkje berre kunne kaste utstyret. Nytt tilsvarande utstyr kostar i dag ein stad mellom 8 og 9  millionar kroner.

Ei gruppe menneske som lastar ein lastebil

Foto: Helse Førde

Førde Rotary klubb skal samarbeide med organisasjonen PUTE, Polsk Ukrainsk-Evakuering og Transport. Utstyret er pakka og blir sendt frå Førde sentralsjukehus til PUTE sitt mottak i Oslo. Frå Oslo skal utstyret vidare til Ukraina