Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Førde nådde målet for ventetidsløftet

Ekstrainnsatsen i sjukehuset dette året har gitt resultat, og ventetidene Helse Førde er nett no kortare enn på svært lang tid.

Publisert 25.06.2025
En bygning med et vannbasseng foran seg
LÅGARE VENTETIDER: Helse Førde har redusert ventetidene, blant anna ved hjelp av kveldspoliklinikkar.

-Det har vore lagt ned ein formidabel innsats. Vi har gjort det bra og vi har gjort det saman, seier fagdirektør i Helse Førde, Asle Kjørlaug.  

Ventetidsløftet var regjeringa sitt initiativ frå mai i fjor for å redusere ventetidene ved  norske sjukehus. No viser tala for mai at ventetidene er lik eller under nivået for mai 2019, og Helse Førde er dermed innanfor regjeringa sine mål.  

Resultata er blitt lagt merke til heilt til topps. I ei pressemelding nemner regjeringa Helse Førde som eitt av fem sjukehus som har lukkast med å kutte ventetidene. Resultatet av ventetidsløftet i Helse Førde vart presentert på styremøtet i Sogndal sist torsdag. Styret rosa dei tilsette og heile organisasjonen for innsatsen som er lagt ned for å nå det gode resultatet.

Sjukehusa fekk klart definerte måltal for å redusere ventetidene innan juni 2025. Trass i at Helse Førde treng å spare, er det satsa betydelege ressursar for å nå måla.  

Satsinga har vore innan somatikk, psykisk helsevern for barn og unge, psykisk helsevern for vaksne og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Vi er under nivået for det regionale gjennomsnittet i Helse vest, og også nasjonalt. Kun når det gjeld psykisk helsevern for barn og unge ligg vi litt over. Samla viser tala at Helse Førde har fått gode resultat gjennom dei mange tiltaka som vart sett i verk.  

Det vart mellom anna opna for kvelds- og helgepoliklinikkar, leigd inn vikarar og kjøpt private helsetenester via Helse vest. Ekstraordinær innsats vart sett inn på fleire fagområde, blant dei 
augesjukdommar, kvinnesjukdommar, ortopedi, urologi og øyre-nase-hals.

Per mai har føretaket brukt 5,8 millionar kroner på ekstrainnsatsen. I tillegg er det også sett i verk tiltak som ikkje er lette å måle økonomisk, men som har bidrege til effektivitet. Sjølv om helseføretaka vart tilført ekstramidlar i samband med ventetidsløftet, er det økonomiske ringverknader som kvar enkelt føretak må ta, slik som ekstra reinhald og straum. I tillegg kjem også bruk av interne tenester utanom arbeidstid, som laboratorium og sterilsentral.

Dei ekstraordinære tiltaka vart avslutta 31. mai. Vidare blir det viktig å fortsette og avslutte pasientforløpa som no er starta, samtidig som vi held ventetidene lave.

 

  

Gjennomsnittleg ventetid (dagar) til første time:

Fagområde

Helse Førde

Helse vest

 

Somatikk

58

60

 

Psykisk helsevern vaksne

32

42

 

Psykisk helsevern barn unge

48

42

 

Rusbehandling

15

31