Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Manglar 400 helseårsverk

I dag manglar det 400 årsverk for helsepersonell i Sogn og Fjordane. I løpet av dei kommande ti åra vil 1000 helsepersonell gå av med pensjon. Kommunane og Helse Førde drøfta fredag sist veke kva for tiltak som kan settast i verk for å møte desse utfordringane.

Publisert 19.06.2025
Ei lita gruppe menneske snakkar saman

Foto: Helse Førde

Thomas Vingen Vedeld til høgre, har arbeidd med å kartlegge no situasjonen kring rekruttering, kompetanse og felles planlegging i Sogn og Fjordane. Her saman med kommunedirektør Kristine Dahl t.v. og kommunalsjef i helse og omsorg Barbro Longva. Alle i Stad kommune.

- Dette råkar oss alle! Kommunehelsetenesta i Sogn og Fjordane og Helse Førde må samarbeide tettare for å møte utfordringane for framtida, sa kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i innlegget sitt til helsefellesskapet. 

Tiltak innanfor rekruttering, tilgang til kritisk kompetanse og betre samarbeid mellom kommune- og spesialisthelsetesta er peika på som nødvendig for å oppretthalde eit velfungerande helsetilbod i regionen.

To personar snakkar saman

Foto: Helse Førde

Kommunedirektør i Kinn, Øyvind Bang-Olsen t.h. står bak initiativet til å drøfte mogelegheiter for å samarbeide om rekruttering. Her i samtale med kommunedirektør i Fjaler, Ola Hovland. 

Rekruttering i ein pressa arbeidsmarknad  

Vi blir færre yrkesaktive og det er krevjande allereie i dag å rekruttere innanfor helsesektoren. I kartlegginga kjem det fram at rekrutteringsarbeidet som regel er lagt til einings- og seksjonsleiar hos begge nivå, og at det ikkje reflekterer kor spesialisert rekruttering er blitt i samfunnet. Alle er urolege for at kampen om kvalifisert personell skal bli eit overbodsløp der dei rekrutterer frå kvarandre.  

Luster blir peika på som ein kommune som har lukkast betre enn andre. I følgje kommunalsjef John Olaf Røhme har dei ein eigen resurs som driv rekruttering av legar. Kommunen ser òg legerekruttering i eit større bilete, der partnar og familie er ein del av prosessen. Dette er faktorar som spelar inn om ein let seg rekruttere. Kva skal eg bu, kvar skal partnar jobbe, korleis skal familien ha det? Her tenkjer helsefellesskapet at det er eit potensiale for å samarbeide meir. 

Tre menn snakkar saman
Luster kommune sett inn eigne resursar til rekruttering av legar. Kommunalsjef John Olaf Røhme t.v. med fagdirektør Asle Kjørlaug og avdelingssjef Sven Ove Alisøy, begge i Helse Førde.  


Meir forpliktande samarbeid mellom kommunane og Helse Førde 

Samarbeid mellom kommunar og Helse Førde varierer, men alle ser fordelane av meir felles tenesteutvikling og planar. Som døme kan nemnast ei felles vurderingsnorm av skrøpelegheit i kommunane og Helse Førde. Eit anna døme er utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune mfl.  

- Vi går ikkje i takt, sa kommunalsjef helse og omsorg, Barbro Longva. I alle dei møtestrukturane vi er del i, burde vi greie å fange tidleg opp endringar som skjer og kva som kjem frå sentralt hald til helseføretaka. Greier vi å vere i forkant, vil våre prosessar blir betre.

To kvinner som snakkar saman

Foto: Helse Førde

Kommunalsjef helse og omsorg Stad kommune, Barbro Longva, t.h. meiner òg at alle må forplikte seg til å ta handlingsplanen, som Sogn og Fjordane helsefellesskap har utarbeidd, inn i eigne organisasjonar. Her i samtale med kommunalsjef helse og omsorg, Bremanger kommune Randi Ytrehus.   

- Ti år er ikkje lenge og mangel på helsepersonell gjeld allereie, kva tenkjer helsefellesskapet er gode tiltak for å motverke mangelen? 

- Etter møtet er det fleire tiltak som kommunane og Helse Førde vil arbeide vidare med, svarar interkommunal samhandlingskoordinator for kommunane i Sogn og Fjordane, Kjell-Wernik Nystøyl. - Mellom anna felles rekrutteringsstrategi, utvikle modellar for korleis føretak og kommunar kan dele kritisk helsepersonell og medverke til at leiarar på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta samarbeider og aukar si innsikt i kvarandre sine arbeidsvilkår.  

En gruppe som sit rundt eit bord

Foto: Helse Førde

Nye oppgåver og meir utviklingsarbeid for interkommunal samhandlings-koordinator, Kjell-Wernik Nystøyl t.h. her i samtale med samhandlingssjef i Helse Førde Dagrun Kyrkjebø og kommuneoverlege i Stad kommune, Thomas Vingen Vedeld. 

Fakta

Forventa nedgangen i arbeidsfør alder og sterk vekst i eldre befolkning, fører til bemanningsutfordringar og auka kommunale kostnader. (Begge tal for 2023) 

  • Over 400 millionar kroner til vikarbyrå og kjøp av eksterne helse- og omsorgstenester. 
  • Over 190 millionar kroner på forskyving og overtid av eigne tilsette.

Dette er helsefelleskapet 


https://www.helsedirektoratet.no/forebygging-diagnose-og-behandling/organisering-og-tjenestetilbud/helsefellesskap 

Det er etablert 19 helsefellesskap med utgangspunkt i geografiske opptaksområde for helseføretaka. Helsefellesskapa er ikkje ei juridisk eining, men ein arena for samhandling på ulike nivå. 

Sogn og Fjordane helsefellesskap (helse-forde.no)