Ny runde med innsparingar i Helse Førde
Økonomien i Helse Førde har gått feil veg så langt i år. Berre på årets to første månader har Helse Førde pådrege seg eit negativt resultat på nær 30 millionar kroner, og har eit meirforbruk i forhold til budsjett på over 20 millionar.

- No er vi nøydde til å vurdere tiltak, også av den sorten som kan verke inngripande, seier administrerande direktør Arve Varden.
Orienterte tillitsvalde og avdelingssjefar
Tillitsvalde og vernetenesta er orienterte om den økonomiske situasjonen i føretaket. Administrasjonen har også tett dialog med eigaren, Helse vest RHF, om situasjonen.
- Økonomisk sett har dei to første månadene av året vore dårlege for Helse Førde, seier administrerande direktør Arve Varden.
- Det er per i dag ikkje aktuelt å seie opp tilsette. Eventuelle kutt i stillingar må skje ved naturleg avgang, og eventuelt ved at vikariat, engasjement, innleige og liknande ikkje blir forlenga, seier Varden.
Kostnadene opp
Kostnadsdrivarane i føretaket er i hovudsak å finne på personalsida. I februar i år hadde føretaket 48 fleire tilsette enn på same tid i 2024, og eit sjukefråvær på over åtte prosent. I tillegg aukar lønskostnadene ytterlegare som følgje av mangel på helsepersonell, høgare krav til spesialisering og vikarbruk. Andre kostnadsdrivarar er høgare medikamentkostnader, generell inflasjon og auka rentekostnader. På driftssida har føretaket fått over 13 000 kvatdratmeter meir å halde reint og vedlikehalde.
På inntektssida registrerer vi at folketalet veks lite eller ingenting i Helse Førde sitt område, og at veksten i dei økonomiske rammene dermed blir svært moderat.
Opprettheld sjukehusstrukturen
Det som ligg fast er at sjukehusstrukturen i Helse Førde skal oppretthaldast, og at ein også i denne runden vil arbeide for at ingen fast tilsette skal miste jobben.
- Det som derimot kan skje, er at nokre tilsette kan få endra arbeidsoppgåver eller arbeidsstad, seier Varden. - For det må bli nokre endringar om vi skal klare å tilpasse drifta vår til dei økonomiske realitetane.
Ikkje anna val
- No må vi igjen i gang med ein prosess for å balansere drifta opp mot tilgjengelege ressursar, seier han.
- Eg håpar vi kan klare dette på ein måte som gjer at pasientane merkar minst mogeleg til endringane, seier Varden. - Men realistisk sett, så blir det svært utfordrande å klare dette utan konsekvensar som kan bli merkbare.