Økonomien tvingar fram endringar i Helse Førde
Økonomien i Helse Førde gjer at ein ikkje lenger kjem utanom drastiske og smertefulle grep. 25. september får styret presentert ei tiltaksliste der dei må ta stilling til retning for vidare arbeid.

- Dette er ikkje noko eg legg fram for styret med lett hjarte, men det er ingen veg utanom, seier administrerande direktør Arve Varden.
Bakteppet er den økonomiske situasjonen helseføretaket står oppe i, der ein så langt i år ser eit resultat på minus 103 millionar kroner. Tiltak i drifta har redusert meirforbruket gradvis utover året, men ikkje nok til at det er mogeleg å etablere ein berekraftig økonomi.
Forsvarleg helsetilbod også i framtida
- Innbyggarane i Helse Førde sitt område skal også i framtida ha eit forsvarleg helsetilbod med same kvaliteten som i resten av landet. For å få til dette, må vi kunne rekruttere fagfolk med rett kompetanse, og følgje med på den medisinske og teknologiske utviklinga, seier han. - Vi jobbar no med både driftsendringar og større strukturelle grep for å sikre kvalitet og berekraft i tenestene.
I tillegg jobbar vi kontinuerleg med rammevilkåra våre. Helse Førde er dyrare å drifte enn mange andre føretak, blant anna på grunn av geografi, demografi og organisering. Samtidig har inntektene auka lite, fordi innbyggjartalet i opptaksområdet har den lågaste veksten i Helse Vest.
- Samfunnet har vore gjennom ei dyrtid med sterkt aukande kostnader og høgare renter, medan dei økonomiske rammene våre ikkje har auka tilsvarande. Kostnadane stig, men ikkje inntektene, seier Varden, og legg til at det også er krevjande for sjukehussektoren å finansiere nødvendige nybygg.
Aktuelle tiltak for vidare utgreiing
Dette er dei strukturelle tiltaka som styret vil gje administrasjonen raudt eller grønt lys for å gå vidare med:
- Samle all ortopedisk aktivitet ved Førde sentralsjukehus. Dette medfører å flytte aktiviteten i Lærdal til sjukehuset i Førde og avvikle skadepoliklinikkane ved sjukehusa i Nordfjord og i Lærdal.
- Samle barseltilbodet til dei fødande i Helse Førde ved kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus. I dette ligg det å redusere tilbodet ved sjukehusa i Lærdal og Nordfjord til det som er lovpålagt.
- Vurdere dei prehospitale tenestene i ambulanseområda med mål om å redusere tal ambulansestasjonar i Helse Førde, samstundes oppretthalde eit forsvarleg tilbod.
- Samle tilbodet til hudpasientar ved Førde sentralsjukehus og sjukehusa i Lærdal og i Nordfjord.
- Gjennomgå Helse Førde sin DPS-struktur (distriktspsykiatrisk senter) i Førde, Sogndal og Nordfjord, med mål om likeverdig tilbod til pasientane, og vurdere utvikling av FACT-team (oppsøkande behandlingsteam).
AMK og sengetal
I tillegg til dei strukturelle endringane vurderer Helse Førde fleire driftstiltak som kan gjennomførast utan styrevedtak. Ved Førde sentralsjukehus inkluderer dette blant anna å redusere sengetalet ved medisinsk sengepost, kutte i talet på senger ved pasienthotellet og å redusere både sengetal og bemanning på sengepostane i helgene. Målet er å tilpasse drifta til dei økonomiske rammene, samtidig som ein opprettheld eit forsvarleg helsetilbod.
Ein vil også sjå på to prioriterte område av tenester og funksjonar, der tettare samarbeid med Helse Vest kan gi meir varige gevinstar, sterkare fagmiljø og betre kvalitet. Det eine er samanslåing av AMK-sentralen ved Førde sentralsjukehus med dei andre sentralane i regionen, og det andre ei utgreiing av om nokre adminstrative støttefunksjonar kan samlast og organiserast på tvers i Helse Vest.
- Tiltaka vi vurderer vil smerte dersom dei blir gjennomført. Men vi må forhalde oss til dei økonomiske realitetane, sjølv om det inneber vanskelege val. Det er heilt avgjerande at tenestene vi tilbyr held høg kvalitet og er i tråd med gjeldande krav. Det er dette som legg grunnlaget for det vidare arbeidet vårt, avsluttar Varden.
Tiltaka blir lagt fram som ei drøftingssak til styret, og det er ikkje lagt opp til vedtak rundt struktur i møtet den 25. september.
Dei tilsette i Helse Førde har blitt orienterte torsdag, og styresaka blir gjort offentleg fredag.