Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Omlegging av buss-stopp ved Førde sentralsjukehus

Skyss melder omlegging av buss-stopp ved sjukehuset. Frå 23. juni vil ingen bussar stogge framfor hovudinngangen. Bussane som køyrer innom sjukehuset vil stogge ved busskuret - perrong C.

Publisert 18.06.2025
Ein buss ved holdeplass

Foto: Helse Førde

All på- og avstiging inne på sjukehuset sitt område vil føregå på perrong C.

Skyss startar ny kontrakt for bussrutene i Nordfjord, og i samband med dette kjem det nye bussar som skal køyre rutene. Utforminga av dei nye bussane gjer at dei ikkje lenger kan køyre under glasbrua. Alle bussar som køyrer til sjukehuset, må snu i rundkøyringa og køyre tilbake ut i Vievegen. 

- Denne omlegginga tykkjer vi er lei. Den korte avstanden mellom perrong D og hovudinngangen har gitt reisande til og frå sjukehuset ein heilt unik kort veg inn. Sjølv om perrong C berre er 85 meter frå hovudinngangen, vil mange sakne dette tilbodet, seier direktør for drift og eigedom, Helge Robert Midtbø. 

Alle ruter som tidlegare har hatt stopp ved perrong D, vil bruke perrong C i staden for. Dette gjeld linje 100 til/frå Nordfjord, 110 til/frå Stryn og 830 til/frå Sogn. Dette er ruter som ofte er omtalt som sjukehusbussane. 

 

kart over holdeplass

Foto: Skyss

Perrong D, framfor hovudinngangen blir avvikla. Alle bussar som har av- og påstiging inne på sjukehusområdet skal bruke Perrong C.

 

Meir informasjon hos Skyss