Opnar dørene for artroseskule på Lærdal sjukehus
Artroseskulen på Lærdal sjukehus gir pasientar med kne- og hofteartrose eit lokalt tilbod om kunnskap og meistring.

Då Helse Førde søkte midlar gjennom TØRN-prosjektet, fekk ortopedisk avdeling ved Lærdal sjukehus tildelt ressursar for å utvikle tenestetilbodet. Midlane er brukt til å styrke kvaliteten, effektiviteten og til å etablere eit tilbod for pasientar med hofte- og kneartrose.
Artroseskulen fremjar oppgåvedeling på tvers av fagområde og sikrar behandling på rett nivå i helse- og omsorgstenestene. Kurset er utvikla av fysioterapiavdelinga ved Førde sentralsjukehus og byggjer på undervisningsdelen frå Aktiv A-konseptet. Målet er å gi pasientane gode verktøy for å leve best mogleg med artrose – ein vanleg leddsjukdom som særleg rammar middelaldrande og eldre.
Samarbeid mellom fagmiljøa
Aktiv A er eit strukturert utdanningsprogram for fysioterapeutar, eit informasjons- og treningsprogram for pasientar med kne- og/eller hofteartrose, samt eit elektronisk registreringssystem (aktivmedartrose.no).
Tilbodet er utvikla i nært samarbeid med dei ulike fagmiljøa på sjukehuset, og er forankra i verdiane om brukarmedverknad og sidestilling av fagkunnskap og brukarerfaring. Artroseskulen er eit éin-dags lærings- og meistringskurs der deltakarane får kunnskap om sjukdomen, behandling, trening, aktivitet og kosthald. Pasientane deler eigne erfaringar og lærer av kvarandre, i tillegg til faglege innlegg frå fysioterapeut, ortoped og klinisk ernæringsfysiolog. Dynamikken i gruppa legg til rette for ein trygg arena der deltakarane kan stille spørsmål og få svar frå spesialistar på fagområdet.
Mindre reising for pasientane
– Pasientane er ekspertar på sin eigen sjukdom, og erfaringane deira er like viktige som vår fagkunnskap», seier kurshaldar og fysioterapeut Charlotte Korsvoll.
Tidlegare måtte pasientar frå Indre Sogn reise langt for å delta på artroseskule i Førde. No kan dei få tilbodet lokalt ved Lærdal sjukehus. Den første samlinga vart gjennomført 19. november med sju deltakarar, og tilbakemeldingane var svært gode. Kurset gir både kunnskap og fellesskap.
For å delta trengst tilvising frå fastlege, ortoped eller pasientbehandlar på sjukehuset. Kurset har eigenandel etter gjeldande takstar og er gratis for dei med frikort. Artroseskulen er eit godt døme på korleis lokalsjukehusa utviklar tenester i tråd med verdiane om nærleik, kvalitet og brukarmedverknad - og samtidig styrkar førstelinjetilbodet i distriktet.