På tide å melde seg på Helse Førde-stafetten 2025!
Velkommen til den 18. utgåva av Helse Førde-stafetten. Opplev den gode stemninga ved start og mål ved sjukehuset i Førde, bli med i mosjonsklassen, rakettløypa, eit av barneløpa, eller still med eit lag i stafetten.

Om du ikkje skal delta sjølv, kan du stille på som heiagjeng og skape god stemning for løparane ute i feltet. Det blir også i år servering.
På Helse Førde-stafetten er det plass til alle! Bli med oss å lage ein mosjons-, løps- og folkefest i Førde også i år!
Du kan melde deg på i mosjonsklassen eller stille saman med kollegar på eit lag den 22. mai.
Lenke til stafettsida: https://www.helse-forde.no/stafetten/ (Med lenke vidare til påmelding)
Mosjonsklasse: Meld deg på ved oppmøte ved hovudinngangen – FSS på stafettdagen i tidsrommet mellom 15 og 18. Gratis påmelding.
Lagstafett
Lenke til påmeldingsinformasjon på nettsida
Du kan delta på fleire måtar. Det er mosjonsklasse utan tid, det er både bedrifts- og idrettsklasse i lagstafetten, for dei minste er det barneløp og orientering i rakettløypa. Så det er mange måtar å delta i Helse Førde-stafetten på.