Pasientar kan bestille pasientreisene sine sjølv
No kan behandlaren din lage reiseattest til deg som pasient, slik at du kan bestille pasientreisene dine sjølv på Helsenorge. Dette sparer tid for behandlaren, og gjev deg meir kontroll på reisene dine.
Kva inneber det?
Pasientar med behov for organiserte reiser, anten det er av helsemessige eller trafikale årsaker, kan få ein reiseattest. Med ein reiseattest kan pasienten bestille reisa si sjølv, eller reise til behandling med bil og få stønad til reisa og tilleggsutgifter dekka.
Pasienten oppgjev tidspunktet hen må være framme ved behandlingsstaden, og Pasientreiser ordnar reisa og vel transportmiddel. Reiser blir bestilt på Helsenorge eller ved å ringe Pasientreiser på 05515. Reiseattestane kan gjelde for enkeltreiser eller for ein periode på inntil eitt år.
Kven lagar reiseattestar?
Hvis ein pasient treng attest på grunn av helsemessige forhold, er det pasienten sin behandlar som skal lage reiseattesten. Er det trafikale behov for attesten, som til dømes at det ikkje er offentlig transport på strekninga, blir reiseattesten laga av Pasientreiser.
Korleis blir reiseattestar laga?
Etter at behandlar eller Pasientreiser har laga attesten, kan pasientane finne reiseattestane sine på Helsenorge.no.
Er dette ei ny ordning?
At pasientar no kan få reiseattest, er eit tillegg til ordninga for bestilling av pasientreiser. Det vil framleis vere mogeleg for behandlar å bestille enkeltreiser slik som tidligare. Ein pasient som ikkje er i stand til å handtere reisebestilling på eiga hand, vil få organiserte reiser som i dag. Pasientar kan også også gje andre fullmakt til å bruke tenester på Helsenorge, slik som bestilling av reiser, på vegne av seg sjølv.
Pasientar kan finne informasjon om bestilling av reiser på Helsenorge.no