Stor auke for overgrepsmottaket
Talet pasientar i Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane auka med over 40 prosent i 2024, samanlikna med året før. Dei fleste tilfella dreidde seg om seksuelle overgrep.

Foto: HELSE FØRDE
I 2024 var det 73 pasientar som vende seg til overgrepsmottaket, mot 51 året før.
- Vårt inntrykk er at auken først og fremst skuldast at det er blitt fleire som ber om helsehjelp i slike situasjonar, og ikkje at det skjer fleire overgrep der ute, seier fagansvarleg sjukepleiar i Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane, Lin Hjelmeland Finjord.
I dei aller fleste tilfella var det pasientar i såkalla akutte situasjonar, det vil seie at dei søkte hjelp kort tid etter at eit overgrep skal ha skjedd. Hjelmeland Finjord opplyser at rundt 60 prosent av tilfella dreidde seg om seksuelle overgrep, og rundt 40 prosent om vald.
Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane er eit samarbeid mellom Helse Førde og den interkommunale legevakta i Sunnfjord og Ytre Sogn (SYS IKL). Mottaket er lokalisert ved SYS IKL ved Førde sentralsjukehus, og er bemanna med sjukepleiarar og legar i vaktberedskap.
Dei tilbyr medisinsk undersøking og behandling, rettsmedisinsk undersøking og sporsikring, hjelp til juridisk bistand, anmelding og hjelp til psykososial oppfølging. Det omhandlar både seksuelle overgrep og dei som har vore utsett for vald i nære relasjonar.
Alle kommunane i Sogn og Fjordane deltek i Overgrepsmottaket. Det lille unntaket er Gulen kommune, som brukar overgrepsmottaket i Bergen.