Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stortingsrepresentant og lokale leiarar møttest i Lærdal

Tysdag vart det halde eit møte i Lærdal om beredskapssituasjonen i Indre Sogn, samt aktiviteten ved Lærdal sjukehus. Det var ordføraren i Lærdal, Audun Mo, som var initiativtakar til møtet som vart halde på kort varsel. Stortingsrepresentant Ragnhild Male Hartviksen (Ap) deltok i møtet, og blant dei inviterte elles var alle ordførarane i Sogn, blålysetatane, Røde Kors med fleire.

Publisert 16.04.2025
Sist oppdatert 22.04.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde foran en bygning

Møtet starta på rådhuset i Lærdal, der beredskap var hovudtemaet. Her var også politiet representert med tenestestadleiar Vegard Andersen, brannsjef Gaute Johnsgaard, representantar frå Røde Kors og Norsk Folkehjelp, samt fleire frå Helse Førde og Lærdal sjukehus. 

Beredskap og situasjonen med Aurland kommune

Under møtet vart beredskapen i Aurland, spesielt knytt til stenginga av Lærdalstunnelen, også diskutert. Ordførar Kjell Bøe Bjørgum har uttrykt at kommunen vurderer å bytte helseføretak til Helse Bergen, dersom dei ikkje føler seg trygge på at beredskapen for innbyggjarane deira blir godt nok ivaretatt. 

Ambulansesjef Stian Sægrov orienterte om beredskapen i møtet på rådhuset. Det er inngått ein avtale med Statens vegvesen som sikrar at blålysetatane kan passere gjennom tunnelen sjølv under stenginga, slik at ambulanse kan køyre gjennom heile stengingsperioden. Sægrov understreka at dette ikkje vil føre til større endringar i utrykkingstid enn i dag. I tillegg kan ein i visse situasjonar flytte båtambulanse inn fjorden og parkere ein ubemanna ambulanse på Aurlandssida av tunnelen, slik at mannskap raskt kan vere på plass ved behov. Det er også eit godt samarbeid med Helse Bergen for ekstra assistanse ved behov. Sægrov uttrykte difor ingen særskilt uro over beredskapssituasjonen i Aurland.

Det er mange utfordringar knytt til både meir ekstremvêr og vegstandard som kan utfordre beredskapen i gamle Sogn og Fjordane. Eit godt samarbeid mellom ulike aktørar i helsefellesskapen er avgjerande for å sikre best mogleg helsetenester for innbyggjarane i regionen. 

- Eg set pris på at de framsnakkar beredskapen, og spelar inn til oss på Stortinget dei ulike perspektiva dykkar. Eg føler meg også meir trygg når eg høyrer kor tydelege de er og kor godt de jobbar med beredskapen her, seier Hartviksen.

Besøk og omvisning ved sjukehuset

Etter den innleiande delen på rådhuset, gjekk turen vidare til Lærdal sjukehus. Her orienterte stadleg leiar Vidar Øvrebø om sjukehuset si historie, aktivitetar og investeringar dei siste åra.

Lærdal sjukehus har gjennomgått fleire moderniseringar og investeringar, og opna blant anna ny dialyseavdeling i 2021 og infusjonspoliklinikk i 2024 etter ei kraftig auke i behandlingar. Totalt har det blitt investert omlag 45 millionar kroner i sjukehuset sidan 2019. Sjukehuset har også hatt auke i talet på tilsette, og er ei av dei store kompetansebedriftene i regionen. I dag er det 253 tilsette frå alle kommunane i Indre Sogn, og sjukehuset har det høgaste talet tilsette nokon gong. 

Gjestene fekk også ei omvising på sjukehuset. Einingsleiarane Anja Myklemyr, Anne-Malene Hande og Marit Fossheim Ottesen tok med seg gjestene rundt på huset, og fortalde om aktiviteten ved sine respektive einingar. Einingsleiar ved ortopedisk sengepost, Anja Myklemyr, kunne fortelje om ei sterk auke i operasjonar, og meir effektiv drift. Mykje av aktiviteten er flytta til dagkirurgi, og ein har dermed klart å redusere talet på liggjedøgn for pasientane. Ved medisinsk sengepost kunne einingsleiar Marit Fossheim Ottesen fortelle om den største aktiviteten på dialyse i heile Helse Førde i 2024. 

Følgjet gjekk deretter vidare til radiologisk avdeling, der fagradiograf Rebekka Grande Loen orienterte om aktiviteten i avdelinga. MR-maskina vart gitt til sjukehuset etter ei massiv støtte og bidrag frå lokalsamfunnet i Lærdal. Aktiviteten ved avdelinga har vore den mest stabile i heile Helse Førde sidan 2019. Ho fortalde også om kor viktig CT-maskina er i høve akuttberedskapen ved sjukehuset. Deretter gjekk følgjet innom laboratoriet, der Kari Grøttebø fortalde om stor aktivitet ved laboratoriet og omfattande blodbankaktivitet.

Stortingsrepresentant Ragnhild Male Hartviksen (Ap) uttrykte stor interesse for sjukehuset og understreka fleire gonger at ho var der for å lære. Ho sette stor pris på den ærlege og gode informasjonen om behova og aktiviteten ved sjukehuset.

Det var eit godt møte der dei ulike partane fekk snakka saman og formidla viktig bodskap til stortingsrepresentant Hartviksen.  

Lokal presse representert ved Sogn Avis, Porten og NRK Vestland, var tilstades under møtet i rådhuset og ved Lærdal sjukehus. Administrerande direktør Arve Varden vart intervjua av NRK Vestland, og innslaget blei sendt i Vestlandsrevyen onsdag kveld.