Styremøte i Helse Førde
Styret pålegg Helse Førde breie utgreiingar av strukturgrep
I Helse Førde sitt styremøte 25. September gav styret grønt lys for sette i gang med utgreiingar av strukturgrep og andre kostnadsreduserande tiltak, men styret har også bestilt breie og omfattande utgreiingar.

Styret ber administrerande direktør om brei utgreiing av alle føreslegne tiltak, med både faglege, økonomiske, personalmessige og samfunnsmessige konsekvensar. Særleg for pasientane, med vekt på sårbare pasientgrupper. Utgreiinga skal også syne konsekvensane for Førde sentralsjukehus, dersom sentralsjukehuset skal overta pasientar frå lokalsjukehusa.
– Eg er nøgd med at vi har fått ei tydeleg tilbakemelding på at arbeidet skal halde fram. Dette er eit omfattande vedtak vi må gjere alt vi kan for å følge opp, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden.
Vedtaket kjem som ein konsekvens av at Helse Førde så langt i 2025 har gått 103 millionar kroner i minus. Styret etterlyste konkrete tiltak i møtet i juni.
Varden fortel at arbeidet med å følgje opp styret sitt vedtak startar med det same, og at det blir ei stor og krevjande oppgåve for administrasjonen.
– V må bruke tid og vere trygge på det vi konkluderer med, seier Varden som ikkje reknar med konklusjonane er klare før tidlegast til styremøtet i november.
Her er det samrøystes vedtaket styret i Helse Førde gjorde i møtet på Nordfjordeid:
- Styret tek orientering om oppfølging av den økonomiske utviklinga til vitende, og ser detsom avgjerande for Helse Førde sitt økonomiske handlingsrom at ein lukkast med oppfølging av tiltak.
- Styret ber administrerande direktør følgje tett opp vidare arbeid med kosteffektiv drift innanfor dagens tenesteproduksjon (driftstiltak).
- Styret ber administrerande direktør fortsette arbeidet med å følgje opp økonomien iføretaket, og ber difor administrerande direktør utgreie følgjande tiltak:
-
- Samle all ortopedisk aktivitet ved Førde sentralsjukehus. Dette medfører å flytteaktiviteten i Lærdal til sjukehuset i Førde, og avvikle skadepoliklinikkane ved sjukehusa i Nordfjord og i Lærdal.
- Samle barseltilbodet til dei fødande i Helse Førde i kvinneklinikken ved Førde I dette ligg det å redusere tilbodet ved sjukehusa i Lærdal og Nordfjord til det som er lovpålagd.
- Vurdere dei prehospitale tenestene i ambulanseområda med mål om å redusere talambulansestasjonar i Helse Førde, samstundes oppretthalde eit forsvarleg tilbod.
- Samle tilbodet til hudpasientar ved Førde sentralsjukehus og sjukehusa i Lærdal og i
- Gå gjennom Helse Førde sin DPS-struktur (Distrikts psykiatrisk senter) i Førde, Sogndalog Nordfjord, med mål om likeverdig tilbod til pasientane, og vurdere utvikling av FACT-team.
- Styret ber administrerande direktør ta initiativ ovanfor Helse Vest om å greie ut ei samordning av AMK-sentralen ved Førde sentralsjukehus med dei andre sentralane i Helse Vest.
- Styret ber administrerande direktør ta initiativ ovanfor Helse Vest om å greie ut om det eradministrative støttefunksjonar i Helse Førde som kan samordnast i Helse Vest.
- Styret ber administrerande direktør om ei brei analyse av alle føreslegne tiltak, både faglege, økonomiske, personale/HMS, dei samfunnsmessige konsekvensane, særleg for pasientane, og med vekt på sårbare pasientgrupper. Utgreiinga må syne konsekvensane ved Førde sentralsjukehus, dersom sentralsjukehuset skal overta pasientar frå lokalsjukehusa
- Styret ber om ei analyse av konsekvensar dersom kommunar skulle gå ut av Helse Førde sitt område.
- Styret ber administrerande direktør om å gjennomføre ei analyse av vekst i tal årsverk i Helse Førde.
- Styret ber styreleiar og administrerande direktør om å halde fram dialogen med eigar med mål om rammevilkår som i større grad legg til rette for berekraftig utvikling og drift. Styret er uroa for at dei gjeldande økonomiske rammevilkåra vil tvinge fram betydelege strukturelle endringar i Helse Førde.
Styret ber også om utgreiing av konsekvensane ved ei eventuell utmelding frå Helse Førde frå enkelte kommunar, samt ei analyse av vekst i tal årsverk i Helse Førde.
– Vi er opptekne av å gjere eit godt og grundig arbeid, og av gode prosessar. Førstkomande tysdag skal eg møte føretaksleiinga, så styringsgruppa i økonomi. Eg kjem også til å invitere tillitsvalde og vernetenesta for å spørje dei om innspel til det vidare arbeidet, seier Varden.
Han seier dette vil medverke på korleis arbeidsgruppene blir sette saman og korleis prosessen blir styrt vidare.
– Det er også avgjerande at vi lyttar til kommunane undervegs, seier Varden.